Kven vinn dagens bybaneslag på Bryggen?

BT arrangerer bybanedebatt på Bryggen. BTs kommentatorar vurderer debatten på direkten.

BARKAR SAMAN: Arbeidarpartiet, Venstre, Høgre og Folkeaksjonen nei til mer bompenger stiller i debatten fredag. Foto: Eirik Brekke

Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send melding
  • DEL

    Då seier vi takk for oss her frå Madam Felle!

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Eg synst debatten starta som ein duell mellom Hove (H) og Valhammer (Ap), og der Horn og Aafløy ikkje kom godt med. 


    Ingen av dei rota seg vekk hjå eigne veljarar. 



    Horn (V) kom betre med på slutten, og var såpass offensiv på Bybanens vegner at han vart salens mest upopulære. Det vil nok veljarane hans like.



    Aafløy (FNB) sleit med å kome inn i debatten, anna enn nokre korte stikk mot dei andre. Han hadde òg det enklaste utgangspunktet: å vere mot Bybanen. 



    Ser ein debatten under eitt, var det nok Valhammer som kom best ut. Det mest minneverdige med debatten, var då Valhammer brukte Høgre-regjeringas nye pengar mot Hove frå same parti, sidan han ikkje kan bruke dei på andre ting enn Bybanen. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Dette vart ein debatt prega av krangel om kva dei ulike alternativa faktisk vil koste. Byrådspartia Ap og Venstres hovudargument for bybane over Bryggen er pengar: Altså at det blir dyrare å leggje bana i tunnel. Og at ein risikerer at bybanen over Åsane blir utsett, og kanskje aldri bygd. Høgres Hove aksepterte sjølvsagt ikkje problemstillinga, og forstår ikkje kvifor byrådet ikkje vil utgreie tunnel-alternativet på nytt.

    Stemninga elles vart prega av at dei som er mot bybane over Bryggen var i stort fleirtal på Madam Felle i ettermiddag.

    Må vedgå eg er litt imponert over Erlend Horn (V) i denne debatten. Han stod på sitt trass at Madam Felle var full av Bryggen-vener. Det står alltid litt respekt av politikarar som tør å ta upopulære standpunkt. 

    Trym Aafløy (FNB) vart ganske anonym. Hadde store problem med å svare på korleis ein skal ta unna trafikken frå ei veksande befolkning i Åsane og Nordhordland utan ei bybane. 

    Viss det var nokre tvilarar i salen trur eg ikkje dei vart særleg klokare. Til det er debatten for full av påstander om kva som er fakta og ikkje.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Det var siste spørsmål. No er debatten over. Så, kven kom best ut? 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Karl Otto Nesdal frå salen viser til sjølvkøyrande gummihjul-greie i Kina. Horn: Mange grunner til at ting er billigare i Kina.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Eg forventa det såkalla superbussystemet. Men me fekk gondol! Det har vore debattert som ei løysing for Årstad. Til Åsane er det litt vanskelegare å få til. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Gondolbane!

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    No blir bybaneforkjemparane spurt kvifor dei ikkje ser på andre alternativ. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Ein frå salen lurer på om betongklossen over Bryggen er borte. Horn (V): Forhøyinga blir 20 til 30 centimeter i snitt.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Joakim Grindheim frå salen: Fryktar for auka trafikk på Nye Sandviksvei ved Bryggen-alternativet. Valhammer: Gjennomgangstrafikk blir forbudt, alt skal gå gjennom ny forlenga Fløyfjellstunnel.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Horn følgjer opp med å påpeike at kulturminnene ikkje berre er over bakken. Tunnelalternativa treff òg på kulturminner. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Valhammer: "Vi må gjere det som Riksantikvaren seier for å få det til."

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Ja, no vert Horn og Valhammer utfordra på Unesco-statusen til Bryggen. Nei, svarer Valhammer. 


    Han vil bygge Bybanen i tråd med det riksantikvaren seier han, men står på dagløysing. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Kveldens minst populære mann. Men står førebels i kampen. 

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Horn blir bua når han antydar at Bybanen faktisk er fin. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Pål Jørgensen frå salen: Vil dere ofre denne middelalderbyen fordi vi har latt vere å vere intelligente nok til å utrede alternativet.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Aafløy påpeiker at bompengeringen må hente inn minst 900 mill. i året i lang tid framover. Han utfordrar byrådet på korleis ein skal klare å ta inn så mykje bompengar, dersom alle skal køyre elbil i framtida. 

    Horn seier at ein nok treng endå meir statleg finansiering i framtida. 

    Morten Myksvoll
  • DEL

    Valhammer er samd i at Bybanen blir litt treig gjennom sentrum pga 90-graders svingar på Torgalmenningen og i Vågsbotn.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Rødts veteran Torstein Dale meiner Bybane over Bryggen blir flaskehals som blir problem viss bana skal forlengast vidare frå Åsane.

    Hans Kristian Mjelva
  • DEL

    Endå ei utgreiing, ja. Det er nok det me skal leve av etter olja. 

    Morten Myksvoll