Kommunen seier dei frivillige er uønskte på Straxhuset. Onsdag møtte dei opp likevel.

– Vi gir oss ikkje, seier May Britt Abinda i Kveldsvakten.

Publisert Publisert

NEKTA Å GI SEG: Venke Skilbrei (gult skjerf) og May Britt Abinda har delt ut mat, klede og anna til rusavhengige på Gyldenpris i fleire år. Dei fortel at dei ikkje kjem til å gi seg, trass i at kommunen vil ha dei vekk. Foto: Silje Katrine Robinson

  1. Leserne mener

Onsdag kveld møtte dei frivillige opp på uteplassen ved Straxhuset, stikk i strid med beskjeden frå kommunen.

Bidrar til open russcene

– Det er så frustrerande. Dei vil berre stikke kjeppar i hjula og gjere det vanskeleg, seier May Britt Abinda i Kveldsvakten om situasjonen.

Ho meiner dei rusavhengige ikkje får hjelpa dei treng.

Kommunen på si side meiner dei frivillige bidrar til å skape ei open russcene ved MO-senteret, og at dei rusavhengige allereie har hjelpetilbod som skal dekke både mat og klede.

– Eg følte meg som ein kriminell på bussen hit, fortel Venke Skilbrei, som har vore i Kveldsvakten dei siste tre åra.

Les også

Harde frontar om frivillige ved Straxhuset

– Vil ikkje vi skal ha det komfortabelt

Rundt 20 rusavhengige har møtt opp for å få ein matbit, ein kaffikopp og slå av ein prat.

Fleire fortalde at dei skal sove ute natt til torsdag. Gradestokken viser tre grader.

Den nye uteplassen ved Straxhuset har eit skur ein kan gå inn i, men vinden bit rett gjennom glipene i veggane.

– Dei har bygt det slik fordi dei ikkje vil at vi skal ha det komfortabelt, fortel ein av dei, og siktar tydeleg til kommunen.

Han fortel at han heiter Marius. Han er ueinig i avgjersla om å nekte frivillige å dele ut mat og klede på uteplassen, og meiner kommunen ikkje forstår kor viktig tilbodet er.

NY UTEPLASS: Dette er uteplassen der kommunen ikkje vil at dei frivillige skal få dele ut mat og drikke til dei rusavhengige. Den ligg like ved Straxhuset på Gyldenpris. Foto: Silje Katrine Robinson

Menneskeleg kontakt

– Det er ikkje berre mat det handlar om, men også hygieneartiklar og ikkje minst menneskeleg kontakt, som er veldig viktig. Dessutan stenger Straxhuset klokka 20.00, og det blir ikkje delt ut noko mat eller drikke om natta der, fortel han.

Har de på noko tidspunkt blitt spurt om kva de treng?

– Nei, svarar han kontant og rister på hovudet.

– Kven er det som gir oss mat? Kven er det som gir oss klede? Og kven er det som bryr seg? Det er dei, seier ein anna kar, og peiker på dei frivillige frå Kveldsvakten.

Ingen ønskte å bli fotografert av BT.

KJEM TILBAKE: May Britt Abinda seier kommunen må kome med forslag til korleis dei vil Kveldsvakten skal hjelpe, dersom dei ønskjer endring. Foto: Silje Katrine Robinson

Enkelte hugsar ikkje å kle på

Sosialbyråd Lubna Jaffery gav tidlegare denne veka ei forklaring på kvifor kommune ikkje ønskte å ha dei frivillige på uteplassen.

– Vi vil ikkje at det skal vere aktivitet på dette uteområdet som tiltrekk seg folk. Vi ønskjer ikkje ei open russcene her. Mat og klede blir delt ut på Sammensenteret og på MO-senteret.

Abinda meiner det ikkje er nok.

– Dei tilboda krev at dei rusavhengige oppsøkjer dei. Mange av dei vi treff torer ikkje gå inn nokon stad. Enkelte hugsar ikkje ein gong å kle på seg før dei går ut, eller ete når dei skal, fortel Abinda.

Les også

Byens rusavhengige treng ein god plass å vere

– Forslag er blitt avviste

Kommunen har sagt at organisasjonane sitt bidrag er verdifullt, men ønskjer at dei skal hjelpe på ein anna måte enn i dag.

– Då må dei kome med eit forslag til kva dei vil vi skal gjere. Vi har kome med fleire allereie som har blitt avvist, seier Abinda.

Kveldsvakta fekk ikkje beskjed om å reise frå staden, eller noko anna form for påpakning medan dei delte ut mat og kaffi onsdag kveld.

Saman med Hjelperne og kyrkjelyden Salem har dei protestert mot kommunen.

– Vi kjem til å kome tilbake, seier Abinda.

Publisert