Stor snøskredfare: – Folk må halda seg i flatt terreng

Snøskredvarslinga melder raudt nivå og stor skredfare i Hardanger.

Publisert Publisert

Raudt varsel: Snøskreda kan bli store og nå ned til skredutsette vegar og bustadområde. - Hald deg unna terreng brattare enn 30 grader og utløpssonar for skred, skriv skredvarslinga. Foto: Snøskredvarslinga

Både for fjella i Hardanger og i vossefjella varslar dei no om høg snøskredfare. Rundt Voss er farenivået sett til tre med fargekode oransje for søndag. I Hardanger er nivået sett til fire (raudt nivå) både søndag og måndag. I begge områda åtvarar Snøskredvarslinga om at skred kan bli utløyst naturleg.

Kraftig lågtrykk

– Vi bygger meldinga på at det er varsla eit kraftig lågtrykk, kraftig temperaturstiging og mykje regn heit opp til 1000 meter over havet, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Espen Nordahl.

Han fortel at det er mykje snø i fjellet no. Når det kjem store mengder vatn i den blir den tung, samtidig som bindingane i snøen blir brotne.

– Folk må halda seg godt unna skredterreng i desse områda no, seier Nordahl.

Les også

Prøv BTs klimakalkulator: Hvor mye varmere har ditt hjemsted blitt siden du ble født?

– Ikkje trygt på flaten

Med skredterreng meiner han snøsider som er brattare enn 30 grader. Nordal peikar på at ein heller ikkje er trygg om ein legg løypa flatt.

– Hugs at regelen er ein til tre når du går på flaten under ei bratt helling. Om eit skred losnar, kan det gå tre gongar så langt utover flaten som høgda på sida det losnar frå, seier Nordahl.

Han legg til at med det vêret som er venta, så er kanskje det beste å halda seg heime søndag, uansett.

Publisert