– Vi journalistar må gå mindre i takt

Høyr denne vekas episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

NY PODKAST: «Nokon må gå» er ein podkast med kommentator Jens Kihl, politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentator Morten Myksvoll. Foto: Alice Bratshaug

  • Bergens Tidende

Årets første utgåve av «Nokon må gå» handlar mest om fjoråret. 2019 var på mange måtar året der det rakna for både bergenspolitikken og samfunnsdebatten.

– Alt vart berre vill vest i Bergen, endå meir enn før, seier Gerd Tjeldflåt, politisk journalist i BT om kommunevalet.

2019 var òg eit år der samfunnsdebatten gjekk på nokre smellar. Det vart blant anna storm av at Siv Jensen sa at Frp skulle «knuse disse jævla sosialistene».

– Sånt har heile dette året blitt prega av, at ikkje-saker blir til megasaker, seier Jens Kihl, kommentator i BT.

– Det at ein viktig person seier noko, gjer ikkje saka viktig, seier kommentator Morten Myksvoll.

Det vert òg lansert eit nyttårsforsett for mediebransjen.

– Vi i media bør kritisere kvarandre meir, sånn at det ikkje ser ut som om media heiar på kvarandre uansett, seier Kihl.

Ser ein framover på året som kjem, kan det verkeleg bli dominert av Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum. – Eg trur det kan halde seg for Vedum, for det er såpass mange saker som gjer livet vanskeleg for regjeringa langs by-land-aksen, seier Kihl.

«Nokon må gå» er BTs nye podkast om politikk og kvardagsliv. Spalta «Å, Vestland» handlar denne gong om folks favorittfjellovergang.

Kvar veke snakkar politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentatorane Jens Kihl og Morten Myksvoll seg gjennom sakene som engasjerer og irriterer.

Høyr vekas episode her eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android).

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Her er dommen etter Branns festkamp

  2. Ingebrigtsen kunne glise for Branns sjeldne bragd

  3. Dordi likte ikke det hun fikk høre på butikken

  4. Halvparten av covid-19-pasienter sliter med pusten tre måneder etter

  5. Han startet for første gang på et år. Nå ble Jon-Helge (28) Branns usannsynlige helt.

  6. – Eg er skuffa over det eg såg i parken

  1. Nokon må gå
  2. Bergenspolitikken
  3. Samfunnsdebatt
  4. Solberg-regjeringen