Til veka kan det bli boss-stans

Dersom meklinga mellom KS Bedrift og arbeidstakarane ikkje fører fram, blir det full stopp i innsamling av restavfall hos BiR frå måndag.

IKKJE SLIK: Ver nøye med kjeldesorteringa, og ikkje set ut avfallsposar ved sida spannet dersom det blir fullt, ber BiR. Dei bur seg på bosstreik frå helga. Foto: BERGENS TIDENDE (arkiv)

  • Eystein Røssum
Publisert Publisert
Les også

Mer enn 3600 tonn boss forsvunnet siden i fjor: Sjekk ditt nabolag

icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

Meklingsfristen går ut natt til fredag, og dersom det blir streik, vil 20 maskinistar ved BiR Avfallsenergi bli tatt ut.

Det vil føre til at all henting av restavfall vil bli innstilt frå måndag 7. november, melder BiR i ei pressemelding.

Bossnettet ikkje ramma

BiR oppmodar alle kundar om å vere ekstra flinke med kjeldesorteringa i tilfelle streik: Både plast og papir vil bli henta som vanleg, både frå kundanes eigne spann, på returpunkta og ved gjenvinningsstasjonane.

Les også

BIR lever i sin egen verden

Streiken vil ramme både hushaldnings- og bedriftskundar. Gjenvinningsstasjonane vil ta i mot restavfall som vanleg fredag førstkomande, i tilfelle streik, men laurdag vil det også vere slutt der.

Bossnett-kundane i Bergen sentrum er dei einaste som ikkje blir ramma av streiken.

Seks tips i tilfelle streik

«Skulle det bli streik så får kundene våre sette ut en ekstra bossekk sammen med restavfallsspannet etter streiken», skriv kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre i ei pressemelding.

BiR gir følgjande råd til kundane:

  • Kjeldesorter mest mogeleg, slik at det blir minst mogeleg restavfall
  • Ikkje fyll bosspanna med avfall som kan vente
  • Komprimer bosset godt, og knyt posane godt saman
  • Dersom spannet blir fullt; samle avfallet i ein vanleg bossekk
  • Frys ned matavfall som kan gi sterke luktplager, som fiskeslo og rekeskal
  • Ikkje set ut avfallsposar ved sida av spann som er fulle, sjølv om dei godt samanknytte.
Publisert
  1. Bergen
  2. Bir
  3. Streik
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. BIR er beredt på storinnrykk!

  2. BIR lever i sin egen verden

  3. Frykter for bossnettet

  4. Bossnettet er blitt et pengesug

BT anbefaler

– Jeg har aldri møtt så mange 50-åringer som bor i kollektiv sammen

– Vi kan stenge et utested på minuttet hvis det er ville tilstander, sier Terje Gjertsen.

LES SAKEN