Sjefsstolar vert ståande tomme

Fleire sjefsstillingar i Osterøy kommune er enten fjerna eller står tomme. No ventar ei omfattande omorganisering av sjefskabalen i kommunen.

Publisert Publisert
  • Sindre Øye Helgheim
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

Næringssjef, personalsjef og NAV-leiar. Sentrale stillingar i rådhuset på Hatland som tidlegare høyrde saman med eit namn og eit kontor. I dag er det ingen som har dei tre titlane. Medan nokre stillingar ikkje lenger finst, står andre tomme og vil ikkje bli lyste ut igjen.

Leiarutfordring i kommunar

Kvar fjerde kommune her i landet slit med å finne leiarar til offentleg sektor. Tal frå ei undersøking utført av Manpower i 2007 viser at 25 prosent av norske kommunar har tomme leiarstillingar.

Osterøy er ein av kommunane som utgjer den fjerdedelen. Fire eksisterande sjefsstillingar i kommunen står i dag ledige. Blant dei er kommunalsjef for service og informasjon, rektor på ungdomsskulen og leiar for NAV Osterøy.

Då førre NAV-leiar gav seg 1. mars, vart stillinga lyst ut, men det melde seg berre éin søkjar. Kommunen vart tvungen til å gå til andregongsutlysing.

— Det tyder på ein svært vanskeleg arbeidsmarknad, seier rådmann Ole Ivar Øvregård.

Lyste ut for andre gong

¬- Situasjonen er litt spesiell i NAV. Der er sett i gang store bemanningstiltak i etaten, og det skal mellom anna opprettast fleire nye NAV-kontor. Eg trur det har gjort at det har vore vanskeleg å få tak i dei med den rette kompetansen, seier Øvregård.

Ny frist for den andre utlysinga er denne veka. No håper rådmannen at det vil vera enklare å finna den rette personen.

— Det har vore ein avgrensa søkjarmasse så langt. Derfor har vi tatt ei ny runde og eg håpar det skal vera nok, seier Øvregård.

Manpower-undersøkinga viser at andregongsutlysing ikkje er uvanleg for norske kommunar. 4 av 10 ordførarar svarte at dei ofte må lysa ut to gonger for å finna folk.

Medan ein leitar etter ny sjef for NAV på Osterøy, har andre leiarstillingar forsvunne. Personal- og organisasjonssjef finst ikkje lenger. Personalansvaret er i staden overført til dei ulike kommunalsjefane.

Ein annan stol som står tom er på kontoret til næringssjefen. Her vil det ikkje koma folk på jobb med det første.

Tomme stolar vert ikkje fylte

Ei omfattande omorganisering av personalet i kommunen er i emning i desse dagar. Medan politikarar skal sjå på innsparingar for skule og resten av kommunen sitt tilbod, skal rådmannen sjå på organiseringa av administrasjonen. Ein viktig del av det er å finna ut kor mange sjefar kommunen har bruk for.

Før det er klart kva som blir resultatet av det arbeidet, vil ikkje nye folk verta tilsette.

— Fleire av dei ledige jobbane er slike vi må vurdera om vi skal ha også i framtida. Vi kan ikkje tilsetja folk om vi ikkje veit at stillinga deira skal finnast om eit år. Så får arbeidet med å skapa den nye administrasjonen i Osterøy kommune visa korleis vi kan få til ei best mogeleg løysing. Kva resultatet blir, er for tidleg å seia noko om enno, opplyser Øvregård.

Han er ikkje spesielt uroa for at kommunen i dag står utan ei handfull sjefar.

— Vi har folk i dei fleste sjefsjobbane i dag. Den utskiftinga vi opplever er normal for kommunal sektor, og flyten av personale plar også gå ned i dårlege tider. Eg trur ikkje det skal vera vanskeleg å rekruttera flinke folk til Osterøy, noko stillinga som rådmann gjerne viser. Her var 12-15 søkjarar, seier Øvregård.

Foto: Ronny Bertelsen

Foto: Ronny Bertelsen

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. DN: Flere smittet etter fest i hjemmet til smittevernoverlege

  2. Her pipler klimagass opp fra norsk sokkel

  3. – Han skaper veldig stor trivsel

  4. Slik ser E16 ut etter vogntogets tur. Reparasjonen vil koste 250.000 kroner.

  5. Redningsaksjon til Nigardsbreen: Tyske turister kjem seg verken opp eller ned

  6. Helene har laget ønskeliste for hurtig­lading. Elbil­foreningen mener Tesla har svaret.

  1. Arna