Her er historia om korleis sykkelfesten enda i skandale, krangling og konkurs
I Bergens Tidende sin nye podkast BT20 fortel vi heile historia om dei viktigaste sakene på Vestlandet. Først ut er sykkel-VM.

Champagnekorkane spratt og jubelropa sat laust då Bergen blei tildelt sykkel-VM i 2014.
Sidan den gong har alt ifrå ekstase til sinne prega den turbulente historia om då Bergen skulle arrangere verdas tredje største idrettsarrangement.
I podkasten BT20 fortel journalistane Lars Kvamme og Øystein Vik om både oppturane og nedturane.
Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller på Soundcloud her.
Jubelen var forståeleg. 300 millionar menneske var venta å benkje seg framfor fjernsynet for å sjå Vestlandet i all si prakt.
Les meir i BTMagasinet: Så nær var Bergen kommune å avlyse sykkel-VM
Men lenge før eit einaste sykkelhjul trefte VM-løypene blei idyllen broten.
Hadde Bergen eigentleg råd til dette?
Fleire stilte spørsmål, men når skola skein og gatene var fulle av festglade bergensarar la mange det til side for ei stund.
Men så var festen over.
I november blei det klart av sykkel-VM hadde gått nærare 80 millionar kroner i minus. I vår blei selskapet slått konkurs.
Eit av dei store spørsmåla er om alle som hadde levert varer og tenester til meisterskapen vil få betalt.
Konsekvensane er allereie store for fleire av dei som har uoppgjorte krav mot sykkel-VM.
Mellom anna blei eventselskapet Possibility AS slått konkurs. Meir enn ti personar mista arbeidsplassen sin.
Så, kva skjer no?
For å høyre heile historia på berre 20 minutt, kan du høyre premiereepisoden BT20 på iTunes eller plattforma du brukar til podkast frå i dag, 14. juni.
Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.