Champagnekorkane spratt og jubelropa sat laust då Bergen blei tildelt sykkel-VM i 2014.

Sidan den gong har alt ifrå ekstase til sinne prega den turbulente historia om då Bergen skulle arrangere verdas tredje største idrettsarrangement.

I podkasten BT20 fortel journalistane Lars Kvamme og Øystein Vik om både oppturane og nedturane.

Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller på Soundcloud her.

2014: Bergen får sykkel-VM. Dåverande byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H) jublar utan hemningar saman med mellom iniatitivtakar Steinar Remme og tidlegare ordførar Trude Drevland.
Eirik Brekke

Jubelen var forståeleg. 300 millionar menneske var venta å benkje seg framfor fjernsynet for å sjå Vestlandet i all si prakt.

Les meir i BTMagasinet: Så nær var Bergen kommune å avlyse sykkel-VM

2014: Også i Ponferrada i Spania, som arrangerte sykkel-VM i 2014, blei Bergen si siger i VM-kampen feira. Søknadssjef Erik Halvorsen skålar her i champagne.
Mads Bøyum

Men lenge før eit einaste sykkelhjul trefte VM-løypene blei idyllen broten.

Hadde Bergen eigentleg råd til dette?

Fleire stilte spørsmål, men når skola skein og gatene var fulle av festglade bergensarar la mange det til side for ei stund.

FESTEN: Bergen tok heilt av under sykkel-VM. Spesielt var tempoetappen for menn opp Fløyen eit høgdepunkt for mange.
Tor Høvik

Men så var festen over.

I november blei det klart av sykkel-VM hadde gått nærare 80 millionar kroner i minus. I vår blei selskapet slått konkurs.

Eit av dei store spørsmåla er om alle som hadde levert varer og tenester til meisterskapen vil få betalt.

«DAGEN DERPÅ»: To dagar etter sykkel-VM var det pressekonferanse med mellom andre byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap), sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen og fungerande fylkesordførar Harald Kårbø. På dette tidspunktet visste ein at det blei raude tal, men kor ille det skulle bli blei først kjent to månader seinare.
Bjørn Erik Larsen

Konsekvensane er allereie store for fleire av dei som har uoppgjorte krav mot sykkel-VM.

Mellom anna blei eventselskapet Possibility AS slått konkurs. Meir enn ti personar mista arbeidsplassen sin.

UBETALTE KREDITORAR: Tom Ingebrigtsen i selskapet Arrangement Tjenester hadde 2,5 millionar kroner uteståande etter sykkel-VM.
Adrian B. Søgnen / Bergens Tidende

Så, kva skjer no?

For å høyre heile historia på berre 20 minutt, kan du høyre premiereepisoden BT20 på iTunes eller plattforma du brukar til podkast frå i dag, 14. juni.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.