Centern størst i Finland

Dei kranglar om Irak-krigen i Finland også. Men valkampen er mest prega av dystre meldingar om konjunkturar som peikar nedover, skriv redaktør Olav Kobbeltveit.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 18 år gammel

Centerns kvinnelege leiar i Finland, Anneli Jäätteenmäki, har skapt røre i ein valkamp som lenge truga med å bli kjedeleg. Ho skulda før helga den finske regjeringa — og særleg statsminister Paavo Lipponen - for å vera altfor USA-vennleg. Slik opererer ei dame som vil opp og fram, og som nok har tenkt tanken at ho kan bli Finlands neste statsminister. Då gjeld det om å bryta ut og visa att i ein valkamp som mange synest har vore meir kjedeleg enn godt er.

For utanrikspolitikk er sensitivt stoff i Finland, som har lang tradisjon for at det er presidenten som forvaltar alt som har med omverda å gjera. No er dette mjuka opp ein del, men regjeringas forsvararar i Riksdagen presiserer at Finlands utanrikspolitiske linje - slik både president Tarja Halonen og statsminister Paavo Lipponen presenterer den - er trygt forankra i eit fleirtal i Riksdagen. Det er tvillaust rett. Men Jäätteenmäkis utspel viser at det kan vera fleire oppfatningar om finsk utanrikspolitikk, og at det er legitimt å gje uttrykk for det. Slik har det ikkje alltid vore.

Jäätteenmäkis omstridde utspel kjem frå ein sjølvtrygg posisjon, der Centern er størst på meiningsmålingane. Partiet får 24,9 prosent, medan sosialdemokratane får 22,1 og Samlingspartiet 21,1 prosent.

Skar seg Aho/Lipponen

I det meste av etterkrigshistoria har sosialdemokratane og Centern styrt Finland i ein stor koalisjon. Men etter at det skar seg mellom Center-leiar Esko Aho og Paavo Lipponen, vart denne tradisjonen broten. Aho var statsminister 1991-95, og var paradoksalt nok den som sytte for å innlemma Finland i Europaunionen. Men blant anna personlege motsetningar mellom Aho og Lipponen førte Centern i opposisjon då Lipponen og den såkalla regnbogealliansen tok over regjeringsmakta i 1995. Alliansen fekk fornya tillit i 1999, og gav då rom for både sosialdemokratane, det konservative Samlingspartiet, det meir liberale Svensk folkparti, Vänsterförbundet og Dei grøne. Men det grøne miljøpartiet forlet Lipponens regjering i fjor vår. Grunnen var - slik dei grøne ser det - god nok: Vedtaket om å byggja eit femte finsk kjernekraftverk var ein raud klut under nasen på miljøpartiet. Der gjekk grensa.

Men no er det riksdagsvalkamp, og då trengst det litt fart for å få veljarane til å møta fram til valurnene komande sundag. Finnane har vist dalande interesse for politikk sidan 1970-talet. I 1999 møtte berre drygt 68 prosent fram for å røysta. Kan dette ta seg opp denne gongen?

Dystre utsikter

Neppe, om vi skal festa lit til meldingane frå Finland. Der klagar kommentatorane over at skilnaden på dei finske politiske partia er i ferd med å bli endå mindre. Det er heller ikkje tid for dristige lovnader.

Det har sin naturlege bakgrunn i dystre konjunkturutsikter. I førstninga av februar kom det økonomiske prognosar som slo beina under den optimismen som då var rådande. Grunnstamma i finsk økonomi er eksportindustrien, og no er det den som slit. Investeringsviljen er dalande og i ferd med å bli det lågaste på 30 år. Slikt blir det ikkje arbeidsplassar av.

Tvert om er det oppseiingar og permitteringar som pregar finsk arbeidsliv ved inngangen til ein ny valkamp. Det er ei utvikling statsminister Paavo Lipponen kunne klart seg forutan. Men særleg skaper det vanskar for Vänsterförbundet, som har vore mest raus med å lova nedgang i arbeidsløysa.

Halvert arbeidsløyse

Betre har det blitt. Tilbake på 90-talet, etter at Lipponen skipa si første regjering, var rundt 18 prosent av finnane utan arbeid. Regnbogealliansen kan rosa seg av å ha halvert dette stygge talet, men no har det flata ut. Det er vesentleg verre å koma under ni prosent, og no kan konjunkturane føra utviklinga andre vegen.

Det er i denne situasjonen at finske kommentatorar synest politikarane legg altfor sterke band på seg. Centern gjekk relativt friskt ut og lova sosialpolitiske reformer og lågare skatt. I skattespørsmålet fekk dei konkurranse av Samlingspartiet. Men etter at dei siste prognosane var framlagde kom begge partia til andre resultat, og Centern skrudde prompte ned forventningane til lågare skatt. Der hamnar dei på linje med sosialdemokratane og Vänsterförbundet.

Personlege relasjonar

Regnbogekoalisjonen har vore basert på eit godt og nært personleg forhold mellom sosialdemokraten Paavo Lipponen og leiarskapet i Samlingspartiet, no representert ved partileiar og innanriksminister Ville Itälä. Ein annan viktig føresetnad var at Esko Aho og Lipponen ikkje kunne sitja i same regjering.

No har Centern skaffa seg ny og kvinneleg leiar, og Anneli Jäätteenmäki skal ikkje ha noko personleg uteståande med Lipponen. Meiningsmålingane meir enn tyder på at Centern kan koma til å bli det største partiet i Riksdagen etter valet. Etter den nye finske forfatninga er det då Centern som sit med initiativet når ny regjering skal skipast. Sterke krefter i Centern vil pressa hardt på for å få partiet inn att i regjeringa. Åtte år på utsida er lang tid for eit parti som har prega storparten av finsk etterkrigspolitikk.

INN I REGJERING? Anneli Jäätteenmäki - ny leiar i Centern - kan koma til å bli ein del av den finske regjeringa etter riksdagsvalet komande sundag.

Publisert
  1. Arna

Les mer om dette temaet

  1. Små løgner, store fall

BT anbefaler

Rundt 15 prosent av kvinner har samme sykdom som Regine. De fleste vet det ikke.

Rundt femten prosent av kvinner har syndromet. – De fleste vet ikke at de har dette, sier professor Eszter Vanky.

LES SAKEN