• IKKJE BITTER: - Eg sit ikkje her som ei bitter kvinne, korkje i forhold til Kjell Magne Bondevik eller i forhold til partiet. Eg er veldig klar over kva Kjell Magne Bondevik har gjort for partiet og for meg. Eg har ikkje eit vondt ord om han, kunngjorde Valgerd Svarstad Haugland på ein pressekonferanse i går. Til venstre forfattar av Valgerd-bok Olav Kobbeltveit. HÅVARD BJELLAND (foto)

Valgerd redd nominasjonen kan ryke

Valgerd Svarstad Haugland har kjempa med nebb og klør for å få utsett utgjevinga av boka om henne til etter nominasjonsmøtet i Akershus. Men forlaget var ubøyeleg.