Dette biletet seier alt om vêret på Vestlandet i sommar

Då bussen stoppa, ville dei ikkje gå om bord.

Publisert Publisert

VÆRFAST: «De skal sikkert reise til Syden som resten av folk og fe på Vestlandet», er det ein som kommenterer på Facebook. Bildet har i skrivande stund fått 10.000 reaksjonar. Foto: Synnøve H. Nordstrand

  • Elise Løvereide
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Eit artig syn møtte Synnøve Hevrøy Nordstrand då ho køyrde ved Selbjørnsbrua i Austevoll onsdag ettermiddag.

Rundt 13–14 villsauar hadde søkt ly frå regnet under taket i eit busskur.

— Det blei eit veldig artig bilete, seier fotografen sjølv.

Bekkjarvik gjestehamn delte biletet same dag, som så langt har fått over 10.000 reaksjonar, og blitt delt 1408 gongar.

Nordstrand er overvelda over responsen.

— Det blei nok eit blinkskot, seier ho.

May Liza fekk havål på 22 kilo:

Les også

- Det var rett og slett brytekamp med fisken

Ville ikkje om bord på bussen

Nordstrand har sett sauar gøyme seg i busskuret før, men aldri så mange på ein gong.

— Det skal litt til før ein sau får nok av regn, så det seier litt om årets sommar, seier ho.

Nordstrand si mor er bussjåfør, men då ho stoppa for sauane, ville dei ikkje kome om bord.

Sommaren har så langt hatt mykje nedbør:

Les også

Sommerværet kommer ikke denne uken heller

«De skal sikkert reise til Syden»

På Facebook har biletet fått mange festlege kommentarar.

Ein skriv: «Venter på bussen ... de skal sikkert reise til Syden som resten av folk og fe på Vestlandet».

Ein annan skriv: «Hadde det ikke vært bare søyer der kunne man sagt de var værfast», medan ei anna slår til med: «Trøste og bæære så treig den bussen var i dag da ...»

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Fant kadaver i vannet - like ved badeplass

  2. Redningsselskapet: - Det har vært veldig mye å gjøre i sommer

  3. Hvaler boltrer seg i Byfjorden

  4. Ventar over 200 lam til våren