• SJÅ OG SNAKK: – Ta deg tid til å leva deg inn i biletet og la tankane flyta. Kva ser du? Kva tenkjer du? Eli Lea har stor tru på samtale med menneske med demens om kunst. Her foto frå eit fergeleie i Sogn i den blå timen. FOTO: Tor Høvik

Kunsten å snakka om eit bilete

– Vi bruker bilete som ein inngang til å snakka med folk på sjukeheimen. Det skapar engasjement, seier Eli Lea.