Oddny Miljeteig gir seg som SV-nestleiar

Den profilerte politikaren tar ikkje attval som nestleiar i SV.

Publisert Publisert

TRER NED: Oddny Miljeteig har vore nestleiar i SV, men vel no å tre tilbake etter kreftbehandlinga ho har vore gjennom. Foto: Elias Dahlen (arkiv)

Det vart kjent via ei pressemelding frå SV i dag. Landsmøtet til SV er den 17. mars, og da vil ho ikkje ta attval.

Miljeteig har som kjent vore operert for kreft og gjennomgått behandling dei seinare åra. Ho er framleis ikkje kome tilbake til vervet sitt som gruppeleiar i bystyret, og tar no altså ikkje attval i leiartrioen til partiet.

– Eg vil fortsetja å stå på for SV og for eit meir rettferdig samfunn, men i ei anna form enn som nestleiar for partiet, seier Miljeteig i pressemeldinga.

No skal valkomiteen, leia av Bård Vegar Solhjell, kome med ei innstilling til ny nestleiar.

– Vi vil jobbe med å finne ei god og balansert samansetjing av SVs partileiing, seier Solhjell.

Miljeteig er ikkje tilgjengeleg for å kommentere saka sjølv onsdag, men skriv dette på si Facebook-side:

– Det må vera slik no. Eg er kreftfri. Men eg har ikkje nok krefter enno til å gå på som nestleiar vidare på landsmøtet i mars. Så vonar eg på å få meir krefter dag for dag og så koma attende som gruppeleiar i bystyret i Bergen. Eg har mykje SV-arbeid ugjort enno!

Publisert