Statnett ser på sjøkabel i Hardanger

No skal sjøkabelen frå Sima i Eidfjord til Norheimsund endeleg utgreiast. Statnett har gjeve oppdraget til konsulentfirmaet Mulitconsult, og oppdraget skal vera ferdig til påske, melder Statnett på sine internettsider.