Mann hosta på folk på Bergens­banen. No må passasjerar i karantene. – Surrealistisk.

Fleire togpassasjerar må i karantene etter at ein mann hosta på folk på Bergensbanen fredag. – Han har utnytta «apokalypsen», seier lokføraren.

Publisert Publisert

Like før 1.30 natt til laurdag var toget med rundt 60 passasjerar framme i Bergen. No må fleire av dei i karantene inntil vidare. Foto: Bård Bøe

iconDenne artikkelen er 18 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Like før 1.30 natt til laurdag var toget framme i Bergen. Då hadde dei stått fast på Dale i nær to timar fordi passasjerar kan ha vore utsett for koronasmitte. Årsaka til at toget blei halde igjen, var at ein mann hadde hosta på folk.

– Det er surrealistisk, seier lokførar Halldis Folkedal.

Natt til laurdag opplyser Nina Schage, kommunikasjonssjef i Vy, at ein del passasjerar no må i heimekarantene, men at det ikkje gjeld alle.

– Dei som har vore i same vogn som denne mannen, skal i heimekarantene, seier ho, og legg til at det ikkje er kjent kor mange det dreier seg om, då folk har gått av og på toget undervegs.

Det var rundt 60 passasjerar på toget då det sto på Dale, men det var fordelt på fleire vogner.

– Det er surrealistisk, seier lokførar Halldis Folkedal. Foto: Bård Bøe

Mann hosta på folk

Toget blei stoppa på Dale klokka 22.54, etter at politiet tilkalla helsemyndigheitene. Ingen fekk då lov å forlate toget.

Schage i Vy forklarte det slik:

– Situasjonen har samanheng med at det tidlegare i kveld blei arrestert ein mann på toget. Han har pusta og hosta på folk og tatt folk i hendene. Han har seinare sagt at han har testa positivt på koronavirus, sa Schage.

To vogner blei sperra av etter at mannen også spraya eit brann­sløkkings­apparat rundt seg. Han spruta også pulver på politiet då dei skulle arrestere han.

Lokførar Folkedal hadde akkurat sett seg inn i toget på Ål då brannalarmen gjekk. Ho gjekk bakover på perrongen og oppfatta at det var ein situasjon.

– Då kom politiet ut av toget, fulle av pulver. Dei bar mannen ut, seier ho.

Ei vogn blei sperra av etter at mannen som hosta på folk også spraya eit brannsløkkingsapparat i den. Foto: Bård Bøe

– Håper han ikkje er smitta

Dei måtte vente litt på Ål, før dei køyrde som vanleg heilt til Dale.

– Då vi kom til Dale, fekk eg beskjed om å stoppe toget og ikkje opne dørene, fortel Folkedal.

Då starta dei med å få tak i politiet og kommuneoverlegen for å finne ut kva dei skulle gjere.

– Det er ikkje unormalt at folk blir kasta av toget, men dette er veldig spesielt. Han har utnytta «apokalypsen» vi er i no, der alle er redde, seier Folkedal.

Ho er den einaste på toget som ikkje må i karantene fordi ho har sete framme i lokomotivet.

– Vi håpar han ikkje er smitta, og at passasjerane slepp karantene.

Toget sto på Dale fordi det der var mogeleg for andre tog å passere på staden. Klokka 00.45 køyrde toget vidare, og kom til Bergen i 1.30-tida. Foto: Bård Bøe

Må førebels i karantene

Nokre av dei rundt 60 passasjerane må altså i heimekarantene, mens «hostemannen» skal testast, for å sjekke om han faktisk har korona.

Vy opplyser at det er helsemyndigheitene som bestemmer kva som skjer vidare.

– Vi fekk først høyre at alle skulle i heimekarantene og at alle skulle testast for korona, men dette er no uavklart. Det gjer helsemyndigheitene ein vurdering på. Dei har tatt personalia på alle passasjerane på toget, sa Schage i 1.30-tida.

Ho sa at dei har forsøkt å ta vare på passasjerane med mat, vatn og kaffi.

– For passasjerane og medarbeidarane våre har dette vore ei krevjande reise, sa Schage.

Adrian Heimli er ikkje bekymra for eigen karantene, men vil ikkje smitte andre. Foto: Bård Bøe

Adrian Heimli, som tok toget frå Geilo, fortel at han først berre fekk med seg at det hadde skjedd noko med eit brannsløkkingsapparat.

Etter rundt eit kvarter på Dale fekk dei vite at mannen kanskje hadde korona. Det var all informasjon dei fekk den første timen, fortel han.

– Eg tenkte at dette kjem til å ta tid, og at det er kjipt dersom det er smitte, seier Heimli.

Han seier – «som ein introvert gamer» – at det gjer han ingenting å bli sett i karantene, men at han er redd for å smitte andre.

– Vi forsøkjer så godt vi kan å ta vare på dei om bord. Dei får mat, vatn og kaffi når dei vil, og det er god plass på reisa i dag, sa Nina Schage i Vy til BT fredag kveld. Foto: Bård Bøe

Mannen blir testa for korona

Sør-Aust politidistrikt har sett mannen i arresten. Han blei fredag kveld testa, for å sjekke om han faktisk har korona.

– Han har uttalt det, men vi må gjere ei vurdering på om det stemmer eller ikkje. Vi veit ikkje om det berre er sleivete sagt, eller reelt, seier operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Øyvind Hammervold.

Testresultatene skal ligge føre om nokre dagar, truleg på måndag, opplyser operasjonsleiar Hammervold til BT laurdag morgon.

Arrestasjonen av mannen skjedde klokka 19.15 på Nesbyen. Han skal vere godt kjent for politiet.

Det blir oppretta sak etter hendinga, og mannen blir frakta til arresten i Drammen etter han har blitt sett til av helsepersonell.

Publisert