- Håpar at vinteren går fort

Kvar dag sender Amy Beth Henrickson dottera til skulen langs ein av landets mest rasutsette vegar. Ingvild Sperrevik håpar ho slepp å gjere det same.

Publisert Publisert

BUR LANGS RASVEGEN: For to år sidan opplevde Amy Beth Henrickson (t.h.) og Ingvild Sperrevik at grenda dei bur vart heilt isolert av ras. Riksvegen på austsida av Sørfjorden i Hardanger er ei av dei mest rasutsette ifølgje BT si oversikt. Foto: MARIE HAVNEN

  • Erlend Langeland Haugen
  • Kristin Jansen
  • Ove A. Olderkjær
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

— Det verkar som om det må skje noko frykteleg gale før styresmaktene gjer noko for å sikre vegen. Av og til kjennest det som om dei ikkje bryr seg, seier Amy Beth Henrickson.

Haustdagen ved Sørfjorden er blendande vakker. Sola skin, epla raudnar på trea og det er lett å skjøne kvifor 38-åringen og nabo Ingvild Sperrevik har valt å busetje seg her.

LANDETS VERSTE RASOMRÅDE: På litt over ti år har det gått over 7800 ras på riks- og fylkesvegar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Spora etter rasa er framleis å sjå i Fresvik mellom Odda og Lofthus. Foto: MARIE HAVNEN

Kontrasten til seinhausten 2011 kunne ikkje ha vore større. Då var innbyggjarane i grenda isolerte av ras på begge sider. Stein og gjørme smadra idyllen.

— Eg gjekk ut i pyjamasen og fekk sjokk over korleis det såg ut, seier Henrickson.

La ned skulen

Bygda Fresvik ligg ved ein av dei aller mest rasutsette vegstrekka på Vestlandet. Uansett om innbyggjarane køyrer mot sør eller nord risikerer dei, i aller verste fall, å bli sopt på fjorden.

I sommar vart den lokale skulen på Sekse lagt ned. Dermed må den 12 år gamle dottera til Amy Beth og andre skulebarn kvar dag reise forbi rasstaden Deildo på vegen til Lofthus.

— Det er ikkje alltid så hyggjeleg å sende ho av garde om morgonen når vêret er dårleg. Før rasa det mest om vinteren, men no kjem det heile året. Samstundes merkar eg at eg er rasjonell og van til det. I byen er det andre ting som er farlege, seier Henrickson.

Ingvild Sperrevik håpar at vesle Nicolai på fire månader får ein enklare veg når han blir skulegut.

— Å reise andre vegen til Tyssedal er kortare, men fordi skulen ligg i ein annan kommune er det ikkje mogeleg i dag, seier 30-åringen.

Drivhus og hage forsvann

Framleis er skadane frå 2011 synlege i det grøne landskapet. Stein, jord og vatn har rive bort delar av bygdevegen. Elvefaret er eit digert krater i fjellsida.

Utanfor huset til Ingvild Sperrevik og sambuaren hennar ligg restane av drivhuset og hagegjerdet i elva. Sjølv var ho ikkje heime då dei største rasa gjekk, men i dagane etterpå gjekk 30-åringen stadig og såg etter nye ras.

KRATER: Framleis er skadane frå 2011 synlege i det grøne landskapet. Stein, jord og vatn har rive bort delar av bygdevegen. Elvefaret er eit digert krater i fjellsida. Foto: MARIE HAVNEN

— Det er klart vi tenkjer på kva som kan skje. Men det er uansett her eg vil bu. For meg finst det ikkje noko alternativ, seier Sperrevik.

Framleis sjukmeld

Gunnar Fresvik har budd i grenda heile livet sitt. For han fekk raset i 2011 store konsekvensar.

Under oppryddinga losna eit tre og trefte hardingen slik at han skadde ryggen og fekk hofta ut av ledd.

Framleis er han sjukmeld av skadane.

— Skal ein vere 100 prosent trygg, er tunnel langs heile fjorden den einaste løysinga, og det går jo ikkje. Nei, vi må nok leve med rasfaren og håpe at vi framleis har flaks, seier han.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Kvar dag blir to vegar treft av ras

  2. Nær 8000 ras på 10 år

BT anbefaler

«Da alt var over, spilte Lars Arne Nilsen til 10 på børsen. Sjefene hans, derimot ...»

Lars Arne Nilsen avsluttet raust, ydmykt og med storsinn.

LES SAKEN