• PRØVDE Å FÅ FYR: Ved døra på denne sideveggen av Førde gamle barneskule fann ein SFO-tilsett ein rull toalettpapir som nokon hadde sett fyr på. Minuttar før dette såg eit passerande vitne at to ungdommar fikla med det utvendige skapet til høgre. Politiet meiner det er snakk om forsøk på brannstifting, men at den ikkje lukkast. To timar seinare brann den gamle trebygningen likevel, men av tekniske årsaker. Bygget er truleg totalskadd etter brannen torsdag. FOTO: ODDLEIV APNESETH

Mislykka brannstifting, skulen brann likevel

To timar før brannen ved Førde gamle barneskule såg eit vitne to gutar sette fyr på toalettpapir inntil skuleveggen. Politiet er like fullt overtydd om at dei er uskuldige, og at brannen har ei teknisk årsak.