- Vêret oppfører seg uvanleg

Tropevêret som skulle kome i dag, ligg førebels under eit nedbørsområde.

Publisert:

GRÅTT: Førebels dårleg sikt for turistane på Fløyen. Men det er enno håp om blå himmel. Foto: WEBKAMERA

Elise Løvereide

Tysdag varsla meteorologane 28 gradar og sol. Men førebels er bergensvêret nokså overskya.

  • Les også: Først regnskyll, så varmebølge
    — Dagen i dag starta litt kjipt med regn og 14 gradar. Akkurat no ligg det ein front, eit nedbørsområde, over Vestlandet. I teorien skal det no trekkje utover mot Nordsjøen, og gje varmare luft utover dagen, seier meteorolog i Storm, Ina Ynnesdal.

Vestover ligg eit høgtrykk, som er mogeleg at no vil trekkje innover.

Regnet over for i dag

— Vil det regne meir i dag?

— No ser det ut til at den verste nedbøren har passert for i dag. Men høgtrykket gjer det vanskeleg å sjå korleis vêret endrar seg. I løpet av natta kan nedbøren kome tilbake, trur Ynnesdal.

I morgon vil det ifølgje meteorologen kome skyer og regn, som vil lette utover kvelden.

— Kan hende tittar sola fram innimellom, men temperaturen vil liggje på 15-16 gradar. Vêret oppførar seg uvanleg, seier Ynnesdal.

Les også:

Les også

Tirsdag blir det brennhett

Finare utover i veka

Utover i veka vil vêret bli betre.

— Torsdag kan det også bli regn og overskya, men fredag vil det bli finare, med cirka 22 gradar. Laurdag kan få mellom 19 og 20 gradar, medan søndag kan få 17.

I dag vil meteorologen tilråde ein litt sein middag for den beste temperaturen.

Les også:

Publisert: