Her får BT-sjefen vite om CO₂-utsleppet sitt: – Folk som meg burde blitt piska

PODKAST: No vil eit bergensk selskap vere først ute med elektriske fly. Kan dei redde oss frå flyskammen?

HEFTIG FLYSKAM: Her får kulturredaktør i BT, Frode Bjerkestrand, klimasjokk etter å ha blitt informert om kor mange tonn CO₂ han slapp ut på ferien sin til Argentina i fjor. Bjørn Erik Larsen

Vi slepper ut enorme mengder CO₂ på flyreiser og skammar oss over det.

Men korleis skal vi løyse problemet?

Bergenske Elfly AS vil vere først ute i landet med heilelektriske fly, og har bestilt 18 stykk.

– Eg trur Vestlandet passar perfekt for elfly. Kampen om å bli Noregs eflyhovudstad er i gang, seier dagleg leiar Eric Lithun, som er gjest i BT20 denne veka saman med kulturredaktør i BT, Frode Bjerkestrand.

I første omgang er det snakk om småfly, men kan teknologien bak redde oss frå både enorme CO₂-utslepp og flyskam?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Vil du rekne ut kor mykje CO₂ du har sleppt ut det siste året? Det kan du gjere ved å trykke her.

I STUDIO: Programleiar Ingvild Nave, dagleg leiar i Elfly AS Eric Lithun og kulturredaktør i BT Frode Bjerkestrand. Bjørn Erik Larsen