Den prislønte forfattaren og journalisten Agnes Ravatn er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen.

I denne podkasten fortel ho om vendereisa til Sunnhordland etter mange år i Oslo, om eit avgjerande råd frå Jon Fosse då ho skulle bli tv-kjendis – og om den tøffe beskjeden ho fekk i vinter.

– Når eg først er blitt sjuk, er det ei Guds lukke at eg er forfattar, seier Ravatn.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.