Klagane vert ikkje tatt til følge

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått fleire klagar etter at 164 søkjarar fekk trekt tilbodet om studieplass. Studiet har berre plass til 45.

UHELDIG: 164 personar fekk melding om at dei hadde fått studieplass ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, for så å få kontrabeskjed to dagar seinare. - Det er ein lei og uheldig sak, men vi har ikkje sjans til å tilby alle studieplass utan å la det gå ut over kvaliteten på tilbodet, seier fungerande rektor Anne-Grethe Naustdal. Høgskulen i Sogn og Fjordane

Elise Løvereide

Den 30. juli blei det ved ein feil sendt ut tilbod om studieplass til 164 søkjarar. Dei stod på venteliste til bachelorstudiet i sosialt arbeid.

Søkjarane fekk først beskjed om at dei hadde fått plass, for så å få kontrabeskjeden to dagar etter.

Bakgrunn:

Les også

164 personer fikk feil beskjed om studieplass

Feilen hende då ein tilsett ved høgskulen den 29. juli gjorde ein tastefeil i Samordna opptak. Her merka dei av for at studiet skulle leggast ut på «Ledige studieplassar», noko som blei korrigert umiddelbart.

Men konsekvensa av tastetrykket blei at ventelistene blei tømd ved neste suppleringsopptak, i dette tilfellet 30. juli. Det skriv Høgskulen i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

— Til dette studiet hadde vi berre 45 plassar, og vi sat med heile 157 personar som takka ja. Det å skjønnsvurdere ein og ein ville brote med vanleg opptakspraksis, seier fungerande rektor ved høgskulen, Anne-Grethe Naustdal.

Høgskulen har altså ikkje sjans til å tilby alle studieplass, utan å la det gå ut over kvaliteten på studietilbodet.

Klagenemnda har handsama klagane

Samordna opptak opplyser at høgskulen ikkje var kjend med at ein skal varsle dei ved slike høve. Høgskulen fekk heller ingen varsel som gjorde at dei oppdaga konsekvensane av tastefeilen.

UHELDIG SITUASJON: - Vi er leie oss for denne situasjonen, og håpar at søkjarane som ikkje fekk plass får jobb eller andre studietilbod, seier dekan og fungerande viserektor, Anne-Grethe Naustdal. Wantana Tierney

Då høgskulen oppdaga feilen 1. august, varsla dei Samordna opptak – same dag som 164 søkarar fekk epost samt tekstmelding om at det blei gjort ein feil ved tildeling av studieplass. Nokre av søkjarane har deretter sendt inn klagar til Klagenemnda om at tilbodet blei trekt tilbake.

Klagenemnda ved høgskulen handsama desse klagane fredag, og kom til det vedtaket at klagane ikkje vert tatt til følgje. Dette grunngjev dei mellom anna med at høgskulen sitt opptakskontor ikkje har gjort noko vedtak om tildeling av studieplass til klagarane.

— Eg er nøgd med Klagenemnda sitt vedtak. Det er slik vi har vurdert det i høgskuleleiinga også, og det er styret som tildeler studieplassane, seier Naustdal.

Les også:

Les også

Forsinkelser hos Samordna opptak

Feilen gjev ikkje rett til studieplass

Sjølv om meldinga med tilbod om studieplass kan ha sett ekte ut for klagarane, legg klagenemnda til grunn at det ikkje er gjort vedtak om tildeling av studieplass ved rett organ.

Meldinga med tilbod om studieplass må rettsleg reknast som ein nullitet, som ikkje gjev rett til studieplass, skriv høgskulen i pressmeldinga.

— Alt ble snudd opp ned på laurdag. Med tanke på oppseiingstid sa eg opp jobben søndag, sidan måndag var første august, fortel Eli-Therese Lund (30) frå Bergen. Ho hadde dessutan skaffa seg ein leilegheit i Sogndal med to andre.

Les også:

Les også

Stine (21) fikk plass på det mest populære UiB-studiet

— Uheldig sak

Høgskulen seier seg svært lei for dei ulempene feilen har medført.

— Det er ein lei og uheldig sak, og vi føler med søkjarane som no har blitt skuffa, og som kanskje står utan studieplass i det heile.

Skulestart er allereie neste måndag, og høgskulen har jobba tidleg og seintfor å prøve å løyse saka og handsame klagane som kom inn denne veka.

— Søkjarane har nok ikkje følt at vi har kome dei heilt i møte, og eg forstår deira frustrasjon veldig godt. Dette er ein situasjon vi helst skulle vore forutan, seier ho.

Høgskulen har ifølgje Naustdal dagleg rutinekontroll.

— Her har vi blitt råka av både teknisk svikt, samt at kontrollrutinane ved Samordna opptak ikkje har fanga dette opp. Samordna opptak og vi som høgskule jobbar no med at det ikkje skal skje igjen, seier Naustdal.