Ulukka i Olden er ei gåte

No vurderer Havarikommisjonen å granske saka.

TIL SJUKEHUS: Den 57 år gamle mannen blei frakta med luftambulanse til Førde sjukehus etter at han fall av rib-båten i Olden. Bengt Flaten

— Me har ingen aning om kva som har skjedd, seier etterforskningsleiar Tor Egedahl i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Les også

— Jeg var nede på seks-syv meters dyp og hentet ham

Onsdag fall ein 57 år gamal mann av ein rib-båt og hamna i sjøen i Olden i Sogn og Fjordane. Mannen var førar av båten som frakta totalt ni passasjerar. 57-åringen blei sendt med luftambulanse til Førde sjukehus, kritisk skadd.

No vurderer Statens Havarikommisjon å granske ulukka.

— Me fylgjer saka og har vore i kontakt med lokalt politi. Om me granskar saka vidare kjem an på kva politiet finn ut under etterforsking, seier havariinspektør Tønis T. Sørensen.

Stor fart

Ifølgje vitner på staden skal rib-båten ha kome opp i stor fart like etter at båten køyrde frå land.

— Det kom eit kraftig gasspådrag, dette førte til at føraren og to passasjerar fall over bord, ifølgje Kjetil Drange i Sogn og Fjordane politidistirkt.

Dagleg leiar av Briksdal Adventure, Frode Briksdal, hoppa sjølv i vatnet og henta kollegaen sin livlaus opp frå 6-7 meters djubde.

Ifølgje han har rib-føraren lang maritim erfaring, og har køyrd rib-båt sidan 2008.

— Me er særs forundra over det som har skjedd. Då ulukka skjedde var det flat sjø. Også politiet har undersøkt båten og konkludert med at den var i teknisk god stand, sa Briksdal til BT onsdag.

Vurderer gransking

Politiet har førebels ikkje snakka med passasjerane som var i rib-båten. Dei var alle turistar på cruiseskipet «Britannia».

— Dei reiste vidare med cruiseskipet onsdag, men me vil gjennomføre avhøyr med dei på telefon, seier Egedahl.

Ifølgje Sørensen, vil Havarikommisjonen vurdere vidare gransking av saka i løpet av dei neste dagane.

Sjekkar fartøyet

Torsdag morgon er Sjøfartsdirektoratet på veg til Olden for å gjennomføre tilsyn med selskapet som eig rib-båten.

— Me vil sjå om båten er i den stand den skal vere i. I tillegg vil me prøve å få eit overblikk over kva som skjedde, seier Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet

I tillegg til den 57 år gamle mannen, fall to passasjerar i vatnet. Desse skal ha kome seg opp av vatnet på eigahand og er uskadde.