• KOMPETANSESENTER: Ho er nytilsett dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, men aller best likar Berit Osmundsen seg når ho får utøva handverket. Her er det eit oppussingsprosjekt ho er i gang med. Mellom 12 og 20 slike oppdrag årleg tek verkstaden på seg. Det tek rundt 450 timar å byggja ein heilt ny båt frå grunnen. FOTO: Ørjan Deisz

Internasjonal heider til Oselvaren

Kunnskapen om å byggja Oselvarar er verneverdig. Det vart internasjonalt stadfesta då oselvarhandverket sist torsdag vart listeført på Unesco-lista for immateriell kulturarv.