Klokka 20.30 sundag sette politiet i gang ein leiteaksjon etter ei kvinne i Odda.

Siste: Kvinna er kome til rette.

Politiet bestemte seg for å gå i gang med søket etter at kvinna (37) blei formelt meldt sakna av ektefellen sundag ettermiddag.

Innstiller leteaksjonen

– Per no har me ingen teoriar på kva som kan ha skjedd, men me ønskjer å koma i kontakt med henne. Me hentar inn flest mogelege opplysingar og søkjer i nærområda der ho er sakna frå, sa operasjonsleiar Marit Rosenlund Espevoll i Vest politidistrikt, sundag kveld.

Mandag morgon blei leiteaksjonen innstilt.

– Vi har søkt gjennom de mest aktuelle områdene i Odda, men har ikke funnet henne. Vi fortsetter nå med vanlig etterforskning og snakker med vitner. Vi har også bedt om tips fra publikum, sier politioverbetjent Per Helge Sekse i Vest politidistrikt til NTB.

Siste observasjon fredag

Det har ikkje vore mogeleg å få kontakt med kvinna over nokre dagar. Politiet og ektefellen har hatt jamleg dialog i lys av dette, og har i forkant av leiteaksjonen undersøkt ulike opplysingar og potensielle stader der ho kan ha oppheldt seg.

Kvinna blei sist observert seint fredag kveld.

Søker utover natta

Politiet er ikkje visse på kva kvinna hadde på seg då ho blei vekke, men ho var truleg ikledd ei rosa t-skjorte eller genser, ei mørk jakke og blå dongeribukse.

Raude Kross og Norske Redningshunder er med og leitar. Søket held på utover natta og lokalt politi i Odda koordinerer leiteaksjonen.

– Me vurderer fortløpande om me skal trappa opp søket, men no søkjer me primært i området Odda sentrum og vestsida av sentrum, seier Espevoll.

Tips kan formidlast til politiet på telefon 02800.