Det blei fyr i Brann-leiren då midtbanefavoritten Sivert Heltne Nilsen plutseleg blei selt til vesle AC Horsens i Danmark.

Korleis kunne Brann la ein av sine viktigaste spelarar gå, når dei ligg på toppen av tabellen?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

TRENAREN: Trenar Lars Arne Nilsen
Rune Sævig

Å miste Heltne Nilsen på midtbana gjer at Brann også må smelle ekstra til i overgangsvindauget.

Frå før leita dei etter ein forsvarsspelar og ein spiss, no må dei kanskje styrke midtbana også.

Det hastar. Innan midnatt den 15. august må Brann-leiinga ha sikra troppen som skal gjere bergensarane tjukke, feite og fulle av seriegull.

Denne veka er BT sin fotballkommentator Anders Pamer gjest. Produsent er Henrik Svanevik.