- ER DET NOKON som har noko dei skulle ha sagt?

Den rasande dirigenten stira på korpset sitt. Gal i blikket peika han rundt seg. Han hadde leksa opp for dei: Alle spelte for dårleg. No var det alvor.

I helga kjempa dei beste brassbanda i Europa om EM-trofeet i den vesle byen Freiburg, Tyskland. Mange har inga aning om kor mykje sveitte, tårer og tunge øvingstimar som ligg bak før dei aller beste går på scena.

Brassbandet er ei engelsk oppfinning, det er òg brassbandkonkurransen. Eit produkt av ein ein gong så stolt arbeidarklasse, som til dagen jobba i gruvene og i bomullsspinneria i Yorkshire, og som om kvelden gjekk på øving.

I mange år var dei engelske korpsa soleklart best i brassbandverda, med sine engelske innøvingsmetodar og engelske forhold til autoritetar.

Det var under ein slik intens innøvingsperiode det verkeleg smalt mellom dirigent og korps. Dirigenten var ein av dei store og likte å få det som han ville, men korpset var heller ikkje lette å vippe av pinnen.

Etter nokre svært stille sekund etter dirigentens utblåsing opna 2. barytonisten munnen:

- Ja, dirigent, eg har noko å si. Eg likar ikkje slipset ditt.

Kva som så skjedde, er uklart. Men korpset var utan dirigent eller 2. barytonist før kvelden var omme.