Kven var Madam Felle?

Begge selde øl, budde i Sandviken og var i nær slekt med luringen Jonnemann. Men kven var den legendariske madammen i songen? Madam Felle er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT.

Publisert Publisert

  • Kjersti Mjør
  • Tonje Aursland
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Kven var den verkelege Madam Felle? Det er noko som ikkje stemmer i den gamle bergenssongen.

«UTI SANDVIKEN HON BOAOAOA...»: Her, i Sandviksveien 21, stod ein gong det kjende vertshuset til Madam Felle. – Eit staseleg hus, fortel forfattaren Christopher Harris. Foto: KJERSTI MJØR

– Det er noko rart med desse versa. Lever ho, eller lever ho ikkje? Sel ho øl, eller ikkje? Kven er det vi snakkar og syng om, spør Christopher John Harris, førsteamanuensis og forfattar av boka «Hon som hadde øl te selle».

Harris lanserer to kandidatar til Madam Felle-tittelen – Rannvei Felle og Oline Felle. For å løysa bergensmysteriet, tek han oss med tilbake til Sandviken på 1700- og 1800-talet i denne podkast-episoden.

TO MADAMMER: «Skal være den riktige Madam Felle» står det bak på postkortet til venstre. Biletet er truleg av Rannvei Felle (1790–1867). Bak på det andre biletet er det skrive «Madam Felle som hadde ølutskjenkning i Sandviken. Død omkring hundreårsskiftet». Etter alt å døma er kvinna Oline Felle (1831–1908).

Jahn Peder Felle – best kjent som Jonnemann – var sjømann og litt av ein luring, viser det seg. Då alle trudde at familien var utdøydd, dukka det opp eit ukjent familiemedlem i Sunnfjord.

Her er det forenkla slektstreet til Madam Felle:

LURINGEN JONNEMANN: Jarle Charles Felle er Oline Felles uekte tippoldebarn. Foto: Ørjan Deisz

Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Publisert
  1. LOKALT

    Begge selde øl i Sandviken og var i slekt med Jonnemann. Men kven av dei er Madam Felle som alle syng om?

  2. ØKONOMI

    – Eg veit ikkje kor mange gonger eg kom heim og lukta daud fisk og banna på at dette skulle eg aldri meir bala med.

  3. LOKALT

    – I Bosnia er skarre-r ein talefeil

  4. LOKALT

    Først avverga han svenskekrig og berga grunnlova. Så grunnla han Universitetet i Bergen.

  5. LOKALT

    – Eg trudde eg var Ivar Aasen reinkarnert

  6. LOKALT

    Agnes Ravatn treng motstand for å skriva. No har ho fått det.

  1. Dei 15 mest vestlandske vestlendingane
  2. Sandviken
  3. Øl
  4. Bergens Tidende
  5. Podkast