Kven var Madam Felle?
Begge selde øl, budde i Sandviken og var i nær slekt med luringen Jonnemann. Men kven var den legendariske madammen i songen? Madam Felle er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT.

Kven var den verkelege Madam Felle? Det er noko som ikkje stemmer i den gamle bergenssongen.
– Det er noko rart med desse versa. Lever ho, eller lever ho ikkje? Sel ho øl, eller ikkje? Kven er det vi snakkar og syng om, spør Christopher John Harris, førsteamanuensis og forfattar av boka «Hon som hadde øl te selle».
Harris lanserer to kandidatar til Madam Felle-tittelen – Rannvei Felle og Oline Felle. For å løysa bergensmysteriet, tek han oss med tilbake til Sandviken på 1700- og 1800-talet i denne podkast-episoden.
Jahn Peder Felle – best kjent som Jonnemann – var sjømann og litt av ein luring, viser det seg. Då alle trudde at familien var utdøydd, dukka det opp eit ukjent familiemedlem i Sunnfjord.
Her er det forenkla slektstreet til Madam Felle:
Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.
I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.