– Hei, du er komen til Kirkens SOS

Kvart døgn er det meir enn 70 menneske som ringjer eller chattar med frivillige som bryr seg.

DETTE ER MELLOM DEG OG MEG: Dei som tar kontakt med Kirkens SOS gjer det anonymt. Dei møter medmennesker som dei kan snakka fritt med. Her snakkar Asbjørn og Tonje med folk som ringjer inn. Foto: Ørjan Deisz

  • Pål Engesæter
Publisert Publisert

Du kjenner det med ein gong du kjem inn i dei lyse lokala deira i Kong Oscars gate. Det er ei ro og ein varme som strøymer mot deg. Her er dei samla, folka som bruker fritida si på andre.

– Kvifor melde du deg som frivillig?

– Eg hadde behov for å gjera noko anna og meiningsfullt med livet, eg ville hjelpa andre, seier Asbjørn.

Det er no 20 år sidan han tok kontakt for å gje sin skjerv. Han var då servicesjef i ei større verksemd, og hadde sett mange som sleit med liva sine. No er han pensjonist.

– Du veks som menneske

– Kva gjer det deg å vera her?

73-åringen tenkjer seg om.

– Du møter deg sjølv på godt og vondt i samtalane, og du veks som medmenneske. Du tek ikkje berre imot, du gjev og. Det kan vera ein vanskeleg samtale der ting letnar, og du har vore til hjelp. Det gjer godt, seier Asbjørn.

Han fortel at det er sjeldan ein kjem så nært innpå folk som i desse samtalene, det er noko ekte over det. – Vi er på same nivå alle saman, det er berre at nokre slit meir enn andre. Sjølv når det er som mørkast, er det alltid eit lys. Det er det håpet ein må sjå etter.

Asbjørn er ein av dei eldste av dei 100 frivillige i Kirkens SOS Bjørgvin. Dei frivillige preiker i telefonen, svarer på tekstmelding og chattar med dei som tek kontakt.

AUDMJUK: – Eg er audmjuk for at eg får lov til å hjelpa og snakka med folk som er i ein vanskeleg situasjon i livet, seier Tonje. Foto: Ørjan Deisz

– Hei, eg slit med å få sova

– Kva er det som plager deg?

Slik kan ein samtale på telefonen eller ein chat gjerne starta.

Pågangen av telefonar og på chatlinjene er størst frå klokka ti om kvelden til klokka to om natta, men du kan ringja heile døgnet.

– Eg visste ikkje kva eg gjekk til, eg såg ein plakat om at dei søkte frivillige og melde mi interesse, seier Tonje (26). Ho var student då ho melde seg for fire år sidan, no er ho utdanna lektor, men arbeider framleis som frivillig.

– Det gjer meg mykje å kunne vera til hjelp for andre som er i ein vanskeleg situasjon i livet. Etter åra her ser eg kor stort behovet for oss er, seier ho.

Alvor, latter og Bamsemums

Dei frivillige fortel at det slett ikkje er berre dei store krisene folk ringjer dei om, dei er einsame og treng nokon å snakka med. Og sjølv i dei mørkaste samtalane kan det vera latter.

– Det hender til dømes at nokon som slit med angst ringjer for å fortelja at dei har klart å gå på butikken, og at dei kjøpte seg Bamsemums, seier Tonje.

Dei fleste som ringjer har det vondt. Det kan vera ei vanskeleg skilsmisse, sorg, at ein har sjølvmordstankar eller at ein må snakka med nokon om seksuelle overgrep.

Det er nesten like mange menn som kvinner som ringjer, mange vaksne folk over 50 år. På chatten er det heilt klart mest jenter/kvinner som skriv, dei fleste mellom 12 år og 25 år.

OPEN FOR ALLE: – Du kan kontakta oss heilt anonymt, uavhengig av kva religion eller legning du har, seier leiar Greta Gramstad i Kirkens SOS Bjørgvin. Foto: Ørjan Deisz

– Minst skumle staden

– For mange er det den første staden dei fortel om til dømes overgrep som incest. Her kan dei heilt anonymt snakka med nokon om det, nærast prøvesnakka for å få det ut. Dette er den minst skumle staden å snakka om det, seier leiar Greta Gramstad i Kirkens SOS Bjørgvin.

I fjor var sjølvmord tema i 17 prosent av telefonsamtalene, og i 49 prosent av chat-samtalane.

Ved akutt sjølvmordsfare skaffar dei hjelp, dersom innringjar eller innskrivar er villige til å gje dei sin identitet. Senteret kontakta i slike saker AMK 82 gonger i fjor.

– Genuint interessert

– Ein skulle kanskje tru at dei frivillige var lærarar og helsefolk som jobbar med menneske, men det er ein forbløffande stor variasjon av folk. Her er alt frå sauebønder til skipsmeklarar representert, seier Greta Gramstad.

Frivillige får eit innføringskurs, og vidare obligatorisk rettleiing og fagleg opplæring. Dei må ha referansar og politiattest, og ha ein avstand til eigne kriser.

– Du kan godt seie at dette er ekstremsport for frivillige. Dei som jobbar her må vera genuint interessert i menneske, og villige til å yta noko godt for andre. Vi driv ikkje behandling, vi er medmenneske, ei støtte og ein samtalepartnar, seier Gramstad.

I desse dagar feirar dei 40 års jubileum for Kirkens SOS Bjørgvin. Arbeidsmengda er aukande og dei treng fleire frivillige.

Publisert
  1. Frivillige
  2. Overgrep
  3. Selvmord
  4. Sorg
  5. Angst
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Eg er evig takknemleg for Kirkens SOS

  2. Mange menn er ensomme i julen

  3. – Når vanlige folk snakker med vanlige folk, kan det være livreddende

  4. Kirkens SOS får flere krisetelefoner enn de rekker å svare

  5. Ensom? Vi er her.

  6. «Meningen med livet»: – Jeg ønsket lenge at jeg aldri ble født

BT anbefaler

Lærerstudent Kaia tvinges ut i praksis

– Slik smittesituasjonen er i Bergen, mener jeg det ville vært smart å utsette praksisperioden til våren, sier…

LES SAKEN