Podkast: Det går mot ein ekte valthriller i Bergen. Høyr kvifor her.

PODKAST: Klarer det nye byrådet å overleve valet i haust?

I STUDIO: Programleiar Ingvild Nave, politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og politisk redaktør Frøy Gudbrandsen. Geir Martin Strande

Halve byrådet i Bergen er bytta ut, og eit nytt mannskap skal styre byen vår.

Men kor lenge vil dei klare å overleve?

I kulissene før lokalvalet i Bergen lurer eit bompengeparti i medvind og ein mektigare ytre venstrefløy enn på lenge.

Dermed går vi mot eit frykteleg spennande val. Vi har spurt politisk redaktør Frøy Gudbrandsen og politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt om kven dei trur har størst sjanse til å ta makta i Bergen.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.