Gaukungen i Kaigaten

Det arbeider nærare 200 menneske hos Fylkesmannen i Hordaland. Det er om lag dobbelt så mange som i 1990. Og fleire vil dei bli.

Publisert Publisert

STATENS HUS. Fylkesmannsembetet - på stigande kurs - har etablert seg i det nye Statens Hus i Kaigaten, og har snart 200 tilsette. FOTO: Odd Mehus

  • Olav Kobbeltveit
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

STATEN HELD SI HAND over sine, og i statens hage er det som kjent mange tenarar. Men staten syter særleg for at Kongens kvinner og menn rundt i fylka vert fleire — og får gode arbeidsvilkår. I Hordaland har dei nyss flytta inn i Statens Hus i Kaigaten - i ein arkitektur som utstrålar sjølvtillit. Dette er ei statsforvaltning for framtida. I Statens Hus i Kaigaten arbeider 189 menneske, og talet er jamnt stigande.

Berre eit drygt steinkast unna - i Lars Hillesgate - ligg Hordaland fylkeskommune, som alt har gjort seg ferdig med si stordomstid. Talet på tilsette er rett nok større - for tida rundt 500 - men bratt ned frå 835 tilsette i 2000. Dei arbeider i eit forvaltningsnivå på hell. Ja, somme meiner, i hamsunske termar, at fylkeskommunen alt frå fødselen har hatt «en naturlig helning mot undergangen».

I 1975 såg alt annleis ut. Noreg fekk sitt tredje folkevalde forvaltningsnivå, og mange trudde - fordi dei ikkje visste betre - at Fylkesmannen i framtida ville få ei mindre viktig rolle. No var det fylkeskommunen si tid, og fylkeskommunale politikarar ivra for å utvida politikkområdet. Dei kunne ta seg av det meste. Kva skulle dei med Fylkesmannen?

I KNAPPE 25 ÅR var fylkeskommunen eit styringsnivå med tru på seg sjølv. Dei hadde store budsjett og var tildelt ansvaret for viktige samfunnsoppgåver. Først av alt helsestell og sjukehus i vid tyding. Heile Haukeland sjukehus vart styrt av Hordaland fylkeskommune og politikarane der. Ettertida har dessmeir påvist at dei styrde det godt, innanfor dei tronge økonomiske rammene staten gav dei. Brukte Haukeland meir pengar enn dei hadde, laut dette sparast inn att på fylkeskommunens budsjett åra etter. Å springa til staten etter nye milliardar var fåfengt og kom aldri på tale.

Andre oppgåver var vidaregåande opplæring, samferdslepolitikk på overordna nivå, kultur og næringsutvikling. Også her kan dei visa til gode resultat, og kven er det som har høyrt klager på den vidaregåande skulen i Hordaland? Eller i Sogn og Fjordane?

VI SOM ARBEIDDE iaviser og radio konsentrerte oss om fylkeskommunen, og det politiske spelet om vegmilliardar og sjukehus som tidvis brukte for mykje pengar. Om Trekantsamband versus Hardangerbru. Vi gløymde Fylkesmannen.

Det gjorde ikkje staten. I derpartementa var det smått med applaus for endå eit folkevald forvaltningsnivå, som slett ikkje alltid oppførte seg - og gjorde vedtak - i tråd med departemental tankegang. Men det kunne dei ikkje gjera så mykje med.

Då tidlegare NRK-Dagsnytt-sjef Per Bøhn ein gong fekk skryt for at han var slik ein gild mann, repliserte han at det i og for seg kunne vera rett nok. «Men», la han til, «jeg gjør meget ondt i det stille».

I LY AV ALT STÅKET kring fylkeskommunen og frie folkevalde, arbeidde staten og departementa i det stille. Men målretta. Dei statlege styringsambisjonane styrkte seg. I oktober 1990 hadde dei norske fylkesmannsembeta 1081 tilsette. Ti år seinare var talet på fylkesmannstilsette auka til 1897. I dag er det 2374 tenarar i Fylkesmannens frodige hage. Det jamnt aukande talet på tilsette reflekterer at embetet også har grabba til seg ei rekkje nye arbeidsoppgåver. Alt i det stille.

Fylkeskommunen fekk sitt banesår då Jens Stoltenberg - med støtte frå Høgre og Frp - tok frå dei sjukehusa. Det var tap av status og tap av makt og mynde. Seinare gjorde Senterpartiets Åslaug Haga tiårets mageplask då ho havarerte med den stort tenkte regionreforma, som skulle gje folkevald styring på regionnivå. Nå trør fylkeskommunen på tomgang.

I STADEN HAR Fylkesmannen stige fram or gløymsla, nypolert og til randa fylt av sjølvtillit. Svein Alsaker let sola skina på byråkratane. No heiter toppsjefen Lars Sponheim, og han har - så å seia frå naturens hand - større føresetnader for å opptre i rolla som Solkongen. Klagesakene aukar. Fylkesmannen er nådelaus.

I 2011 har han fingrane bort i så mykje. Alt frå familiesaker som skilsmål og barnevern, fri rettshjelp og pengar til trussamfunn, naturforvaltning og ureining, helse- og sosialsaker. Han er - som vi har sett - tungt inne i miljøvern og arealplanlegging, med strandsona som som spesiale. I tillegg til landbruk. Og jamvel om det er Fornyingsdepartementet som er Fylkesmannens direkte overordna, er han forvaltningsorgan for 12 departement og har såleis mange kontaktpunkt inn i statsforvaltninga.

EIN STERK FYLKESMANN er i samsvar med - og eit resultat av - tenkinga i Arbeidarpartistaten. No kan det bli ein snunad. Erna Solberg trugar med å vengeklippa Lars Sponheim og dei 18 kollegane hans dersom ho får makt i landet. Ho synest det har gått for langt. Det er eit demokratispørsmål, der embetsverket no overstyrer dei folkevalde. Særleg dei i kommunane. (Fylkeskommunen har Erna lite omsut for).

Difor seier ho at Miljøvernderpartementet skal fråtakast ansvaret for strandsona. Kommunane skal få meir makt. Fylkesmannen skal missa retten til motsegn og bli eit reint klageorgan. Ordinær legalitetskontroll kan han driva med. Politisk skjøn kan han trygt overlata til folkevalde politikarar.

Eg seier ikkje at det blir ei umogeleg oppgåve. Men både ho og Frp skal få røyna at dei møter mektige motkrefter når dei skal redusera makta til Kongens kvinner og menn.

Sei di meining om Fylkesmannen i kommentarfeltet under!

Publisert
BT anbefaler

«Da alt var over, spilte Lars Arne Nilsen til 10 på børsen. Sjefene hans, derimot ...»

Lars Arne Nilsen avsluttet raust, ydmykt og med storsinn.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. «Da alt var over, spilte Lars Arne Nilsen til 10 på børsen. Sjefene hans, derimot ...»

  2. Ulykke i Vaksdal: – Fører av den ene bilen har løpt fra stedet

  3. Mens statens helse­direktør ber folk fortsette med hjemme­kontor, vil statens mann i Vestland ha alle på jobb igjen

  4. Om morgenen var både datteren og bilen borte. Så ble jenten funnet med to i promille.

  5. Her blir Nilsen rørt av tanken på sin nære kollega: – En jeg kan gå i krigen med

  6. Derfor velger Bård (20) å bruke munnbind på bussen

  1. Arna