Marineskyts mot gigantbrua

Flytebru over Bjørnafjorden er ei heit potet for forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Sjøforsvaret kjempar for å ha øvingsområdet sitt i fred.

I SENK: Sjøforsvaret nyttar Bjørnafjorden til opplæring og øving, I februar 1992 blei den utrangerte ubåten KNM "Kinn" senka med vilje på rundt 600 meters djup i fjorden. Arkivfoto: Rune Nielsen

  • Ove A. Olderkjær
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel

— Å driva med skarpskyting over ei bru går ikkje, det seier seg vel sjølv, seier kommandørkaptein Nils Kristian Haugen, informasjonssjef i Sjøforsvaret.

Statens vegvesen går inn for ei lang bru over Bjørnafjorden som ny, ferjefri E39 mellom Bergen og Sunnhordland, trass i at Sjøforsvaret kontant har avvist alternativet fordi konsekvensen kan bli at «fjorden ikke lenger tilfredsstiller Forsvarets behov», og slik at øving og opplæring må flyttast langt unna.

Vegvesenet har i si tilråding lagt brutraséen lengst vest i fjorden for å imøtekoma Forsvaret, og regionvegsjef Helge Eidsnes seier at etaten er i ein god dialog med Forsvaret om saka, som er løfta opp på departementalt nivå.

Ingen kommentar

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) ønskjer ikkje å kommentera saka.

— Det pågår ei saksutgreiing, men vi kan dessverre ikkje seia noko om når tid denne blir avslutta, skriv spesialrådgivar Birgitte Frisch i Forsvarsdepartementet i ein epost til Bergens Tidende.

Vegvesenets tilråding og Forsvarets innvending går inn som ein del av regjeringa sitt arbeid med ferjefri E39 i Nasjonal transportplan 2014 - 2023 som blir lagt fram i vår.

— Vegvesenet har si vurdering, og vi har vår – så får vi sjå kva det politiske Noreg bestemmer, seier kommandørkaptein Nils Kristian Haugen.

Viktigaste «klasserom»

Haugen karakteriserer Bjørnafjorden som eitt av dei viktigaste «klasseromma» Sjøforsvaret har, i og med nærleiken til marinebasen Haakonsvern og det forholdet at fjorden er skjerma mot havet.

— Vi har ikkje greidd å identifisera tilsvarande øvingsområde i farvatnet rundt Bergen, seier Nils Kristian Haugen.

Les også

Fryktar terrorpå kjempebrua

Les også

Nå går hun for broover Bjørnafjorden

Les også

Veisjefenen vil ha raskere bygging av fergefri E39

Etter eit møte mellom Vegvesenet og Forsvaret på Haakonsvern i mars i fjor skreiv Forsvarsbygg til Statens vegvesen region vest, Forsvarsdepartementet og Forsvarsstaben og presenterte ein klar konklusjon om at Forsvaret vil ha ein indre trasé om Fusa som framtidig ferjefri E39.

«Dersom man likevel kommer frem til at kryssing av Bjørnafjorden må skje mellom Røthingen og Reksteren, vil Forsvarsbygg understreke at alle installasjoner i sjøen, det være seg flytebru, rørbru, pontonger, stabiliseringsstag, brupilarer osv., vil føre til at Forsvaret får en svært begrenset bruk av øvingsområdet», skreiv Forsvarsbygg, og la til at det einaste mogelege alternativet er ei hengebru – ei løysing Vegvesenet ser som kostnadsmessig urealistisk over det fem kilometer lange fjordstykket.

Modererte seg

Før møtet med Vegvesenet på Haakonsvern hadde Forsvaret ei endå meir avvisande haldning til bru i Bjørnafjorden, men modererte seg noko i brevet utforma av Forsvarsbygg, som tek seg av Forsvarets saker som kjem inn under Plan— og bygningslova. Men Forsvaret held fast ved at ei bruløysing vil fortrengja ein stor del av øvingsaktiviteten, noko som vil ha «en høy kostnad». Tilleggskostnaden er ikkje prissett.

— Vi har gitt vår tilråding til departementet, og er ferdige med saka, seier Rune M. Røen, oberstløytnant og eigedomssjef i Forsvarsbyggs marknadsområde vest.

— Det er ein god og konstruktiv dialog om dette. Vi har sagt at det er visse område ved samfunnsutviklinga som ikkje er heilt optimale i forhold til Forsvarets behov, seier Røen.

- Er det snakk om anten bru eller Sjøforsvaret i Bjørnafjorden, og ikkje begge deler?

— Nei, svarar Rune M. Røen.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Vegvesenet går for gigantbrua

  2. Ny E39 splitter Os

  3. Det store spranget over Bjørnafjorden

KONSEPT: Eitt av flytebrukonsepta for Bjørnafjorden har undersjøiske propellar som produserer straum. Illustrasjon: NorNet

Kommandørkaptein Nils Kristian Haugen, informasjonssjef i Sjøforsvaret.

BT anbefaler

Peder (19) hadde ingen å være på lag med da han kom til Bergen. – Jeg spiste alene og satt alene på hybelen.

– Livsgnisten er litt borte i hverdagen.