Brannvesenet har kontroll på grasbrannen i Fana

Ettersløkking vil pågå utover kvelden og natta.

Ein god del skog er svidd av, ifølgje brannvesenet.

  • Målfrid Bordvik
  • Tor Høvik (foto)
Publisert Publisert

Klokka 18. 15 melder brannvesenet at dei har grasbrannen på Kismul i Fana under kontroll.

– Vi har heldigvis fått slått ned brannen. Men det vil føregå ettersløkking og dynking i terrenget utover kvelden og natta. Det er tørt ute, seier vaktkommandør Helge Lund i brannvesenet.

Dei kjenner ikkje årsaka til brannen og veit ikkje om den har samanheng med skytebana like i nærleiken. Brannen vil bli etterforska.

Brant godt

Politi og brannvesen blei varsla om brannen ved Kismul skytebane klokka 16.06 måndag.

– Det er observert ein god del kvit røyk, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik i politiet.

110-sentralen meldte på Twitter at det brann godt i terrenget.

Truga ikkje hus

Brannvesenet rykka ut med mannskap frå Fana, Laksevåg og hovudstasjonen, til saman kring 25 brannfolk.

Dei kalla også inn sivilforsvaret og fekk bistand med tankbil frå Os.

– Det er mykje røyk og det brenn friskt i terrenget. Men det trugar ikkje busetnad, sa vaktkommandør Helge Lund i brannvesenet til BT tidlegare i etermiddag.

Det er ikkje hus i nærleiken og difor var det ikkje behov for evakuering.

Mykje kvit røyk steig opp frå skogen og var synleg langt unna. Foto: 2211-tipsar

Sivilforsvaret bidreg

Det tok noko tid før brannvesenet fekk oversikt over situasjonen.

Brannmannskapa kunne berre sjå brannen frå ei side og nytta ei drone for å få oversikt frå lufta.

I 17.30-tida fortalte Lund at dei hadde problem med å få inn dronebileta. Dei var då i full gang med sløkkingsarbeidet i bratt terreng.

– Det er ein god del skog som har gått med, seier han, utan å kunne seie kor mykje.

Frå klokka 19 skal sivilforsvaret bidra med ettersløkking og sikre at brannen ikkje blussar opp igjen.

– Då kan vi få litt mat og vatn i mannskapa som har stått på, seier Lund.

Det brann i skogen bak Kismul skytebane.

Moderat skogbrannfare

Tidlegare på dagen har brannvesenet rykka ut til fleire mindre oppdrag, som kunne ha eskalert. No åtvarer han.

– Ein bør verkjeleg tenke seg om før ein brenn hageavfall eller liknande. Folk trur dei har kontroll, men det er så fort gjort at ting tek ut.

Meteorologisk institutt sende sundag ut varsel om moderat gras- og lyngbrannfare i snøfrie område på Vestlandet sør for Stad.

– Det er ikkje tida for å brenne hageavfall no, seier Lund.

Publisert
  1. Brann
  2. Brannvesenet
BT anbefaler

Her limer Åsane-spilleren ballen i krysset

Åsane vant generalprøven.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Hotellet var et tapssluk. Nå blir halvparten gjort om til psykiatrisk klinikk.

  2. Forren om Barmens tabbe: – Det var det vi absolutt ikke skulle gjøre

  3. Amanda Gorman (23) har en helt spesiell grunn til ikke å bli med på vennenes selfies

  4. «Slurvet fortsatte. Tullete pasningsfeil og rare manøvere.»

  5. – Familien fra England gledet seg til 17. mai. Men jeg glemte å gi en viktig beskjed.

  6. Stjerneskuddet trodde hun skulle dø i Bergen: – Ble båret ut