– I grunnen har det gått veldig bra. Eg har ikkje hatt grunn til å angra. Tvert imot, seier 29-åringen til BT.

Onsdag morgon la han ut frå Feios, like aust for Vangsnes. Han brukar føremiddagen på å kryssa Sognefjorden frå sør til nord. Når det er tid for å leggja seg til for kvelden, reknar Fromreide med å ha nådd like til Kaupanger. Då er det berre rundt 40 nautiske mil att, tilsvarande om lag 75 kilometer. Det skal normalt gå heilt greitt på to dagar.

– Men det er ein vêravhengig bransje, dette. Til no har eg vore heldig og hatt medvind. Får eg han imot, blir det noko heilt anna, understrekar Richard Fromreide.

EI HAND: Kjell Tore Solvang har sjølv vore på lange roturar. Denne gongen er han hjelpemannskap for ein mann med ein draum.
Gunn Fuglestrand

Knapt fem mil på ein normaldag

Han la ut frå heimplassen Herdla natt til fredag 7. juli. På ein normaldag har han brukt å ro mellom 25 og 27 nautiske mil. Det tilsvarer litt mindre enn 50 km. Heile turen på ca. 250 kilometer kjem til å gå unna på ei dryg veke. På førehand tok han høgde for at det kunne gå to veker før han var framme.

Den 29 år gamle roaren, som er lam frå livet og ned, har hausta mykje merksemd undervegs. På sosiale medium er det mange som følgjer turen, og tysdag, ved ankomst i Vik, vart han møtt av både båtar, folk og lokalavis.

I går, tysdag, var planen å ha ein kviledag i Vik, heime hjå tanta og onkelen. Men vêrutsiktene var slik at han i staden valde å ro eit par timar medan vinden var gunstig. Dette for å koma seg rundt Vangsnes. Det kan vera krevjande farvatn nett her når det blæs. Høg sjø er problematisk for ein som ikkje kan bruka beina til å stemma imot med. Då må Richard ro med ei åre om gongen for å halda balansen.

DELMÅL: På veg inn til Vik i Sogn. Fire dagar brukte Richard Fromreide på å nå plassen han har så mange gode minne frå. Her i Vik brukte Richard å vera på sommarferie i oppveksten. Slekta på morssida kjem herifrå.
Kjell Tore Solvang

– Meir eksotisk enn Syden

– Det er mange som er imponert over det han er i ferd med å gjennomføra. Det gjeld også oss, seier Kjell Tore Solvang, som følgjer Richard på turen. Saman med kona si, Gunn Fuglestrand, syter han for mat og husly og elles all den praktiske hjelpa som Richard er avhengig av på ferda.

– Det er eit eventyr han er ute på. Vi synest det er kjekt å vera med på dette. Mykje meir eksotisk enn Syden-turen vi gjekk glipp av. Men det er klart det medfører litt arbeid og nokre tunge tak også. Å sjå at guten lukkast med det han sette seg fore, er likevel vel verdt innsatsen, seier Solvang.

Sognefjorden er lang, og Richard gler seg til å nå turmålet. No snurpar det seg til, med høge fjell som reiser seg beint opp frå fjorden på begge sider.

– Det er flott å ro i slike omgjevnader. Høge fjell og vakre grender. Sognefjorden leverer! Så langt har det vore heilt konge, oppsummerer Richard Fromreide.