Podkast: – Kor lenge skal Støre la Giske-saka få rive og slite i Ap?

Høyr siste episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll i BT-podkasten «Nokon må gå». Foto: Hedvig Idås

  • Bergens Tidende

To og eit halvt år etter at Trond Giske trekte seg som nestleiar i Arbeidarpartiet, klarer Ap-leiar Jonas Gahr Støre å halde liv i krisa.

I eit intervju med NRK, ville ikkje Støre avvise at Giske kan bli statsråd etter valet neste år.

– Det er litt rart at Støre kan ha botnlaus tillit til ein person som måtte gå av på grunn av eit tillitsbrot, seier Morten Myksvoll.

Les også

Jens Kihl: Støre har dribla seg sjølv. Igjen.

Støre sa òg at folk som forlèt politikken må takke for seg og vere takksam for at dei har fått representere folket på Stortinget.

Han sikta då til Jette Christensen og Marianne Marthinsen, som har kritisert partiets handtering av Giske-saka. Båe to har sagt at konfliktar i kjølvatnet av saka gjorde at dei takka nei til attval.

– Det insinuerer nesten at dei ikkje er takksame, seier Anne Rokkan.

Les også

Jette Christensen (Ap): – Jeg kjente meg ikke igjen i stortingsgruppen.

«Nokon må gå»-gjengen diskuterer òg Torgrim Eggens reiseskildring frå Vestlandet i D2, der Jens Kihl er hakket meir positiv enn sine vestlandske kollegaer.

«Å Vestland»-spalta handlar denne gong om den bergenske dialekta, og dei sære orda og uttrykka som pregar denne byen.

Høyr vekas episode her eller i appen BT Lytt, som du kan laste ned i App Store eller Google Play.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. – Er det ikkje litt herleg å hate Oslo-bobla?

  2. Kvifor har sparkesyklane engasjert Bergen så sterkt?

  3. Bryr vestlendingar seg om å bli brune?

  4. Kvifor er alle frå denne bygda kjendisar?

BT anbefaler

«Da alt var over, spilte Lars Arne Nilsen til 10 på børsen. Sjefene hans, derimot ...»

Lars Arne Nilsen avsluttet raust, ydmykt og med storsinn.

LES SAKEN
  1. Nokon må gå
  2. Trond Giske