I år får alle barnehagebarn i Bergen plass i sin eigen bydel

Dette er første gong Bergen kommune oppfyller målet om bydelsvis barnehagedekning.

FULL DEKNING: For første gong får alle familiar plass til ungane i barnehage i sin eigen bydel. Eirik Brekke (arkiv)

Alle barnefamiliar som søkte barnehageplass har i år fått plass i sin eigen bydel i Bergen. Dette gjeld med mindre dei har ønska seg noko anna.

Dette er første gongen ingen foreldre opplever å få barn ufrivillig plassert i barnehage i ein annan bydel enn dei sjølv bur.

Retten til barnehageplass i det året barnet fyller eitt år, blei innført i 2009. Dette har sidan 2017 gjeldt alle barn som er fødd til og med november det året.

Denne retten gjeld innanfor kommunens grenser. Dermed har kommunen kunna plassere barn på ein annan kant av byen enn dei høyrer heime.

Les også

Her er dei beste tipsa til foreldre som skal levere born i barnehage første gong

Færre barn

Også i 2018 håpte byrådet med Ap, KrF og Venstre å oppnå bydelsvis barnehagedekning. Då klarte dei ikkje å innfri i verken Bergenhus, Årstad eller Arna. 79 barnefamiliar måtte reise til ein annan bydel.

I løpet av året opna det 208 nye barnehageplassar.

Desse er:

  • Leaparken barnehage i Årstad (76 plassar)
  • Minde barnehage i Årstad (90 plassar)
  • Vadmyra barnehage i Laksevåg (33 plassar)
  • Indre Arna barnehage i Arna (9 plassar)

I tillegg har talet på barn falt. 2772 søkarar var med i årets hovudopptak til barnehagar i Bergen. Det er 143 færre enn i fjor.

– Kombinasjonen av desse faktorane har gjort full bydelsvis dekning mogeleg i år, seier barnehagebyråd Linn Kristin Engø (Ap).

NØGD: Byråd for skule og barnehage, Linn Kristin Engø (Ap), er nøgd med å ha oppnådd full bydelsvis barnehagedekning. Rune Sævig (arkiv)

Vil innføre nærbarnehage

Ap har tidlegare lova at alle barn skal få barnehageplass når dei fyller eitt år. I dag har barn fødd i første halvår først rett på plass frå august. Det gjer at mange foreldre anten må vere heime eller ordne barnepass i flere månader etter at foreldrepermisjonen deira er brukt opp.

Les også

Noelle blir ett år i mars, men får ikke barnehageplass før i august.

No vil Engø jobbe vidare for å sikre plass tidlegare til desse borna.

– Me er nødd til å sikre at barnehagetilbodet harmonerer med permisjonsrettane me har i Noreg. Full bydelsvis dekning er eit steg på vegen, seier ho.

Engø vil også jobbe for at alle skal få rett på plass i nærbarnehagen sin.

– Mange vil oppleve at det er lang veg også internt i sin eigen bydel. Me snakkar mykje om gåbyen Bergen, og difor ønskjer me å operere med barnehagekrinsar på same måte som me har skulekrinsar, seier ho.

Framover skal kommunen opne følgjande barnehagar:

  • Kristianborg permanente barnehage (2020)
  • Lone barnehage (2022)
  • Kronstad oppveksttun (2022)
  • Nordnes oppveksttun (2020)