Varmar seg i kjøleskapet

Dei tar gjerne ein tur på kjølerommet for å varme seg litt.

  • Njord V. Svendsen
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 11 år gammel

Det er godt og kaldt. Men det er godt og varmt også. På kjølelageret er temperaturen mellom null og fire grader pluss.

Det er seks grader varmare enn ute.

Fridtjov Skotnes fileterer flekksteinbit.

Han tok av seg varme klede då han kom på jobb om morgonen, på jobb på kjølelageret til NaustvikEnghav på Bontelabo.

(ikkje) Kaldt

Det er lett å takle kulde og varme, meiner han. Han har takla slikt i tjuefem år som han har jobba her.

— Det er berre å bruke hovudet, sunn fornuft, seier Skotnes.

Han fileterer flekksteinbit frå Barentshavet som ikkje lenger kan bruke hovudet sidan det er borte.

— Det er ikkje kaldt i Bergen. Eg budde i Oppdal. Der var det kaldt, seier Wojchiech Mikolaj frå Polen som fileterer om kapp med Fridtjov.

— Det er kaldt i Bergen, seier Frode Kaland, kundekonsulent som prøver å halde varmen inne på kontoret. Kontoret har vindauge mot minus ti på eine sida og rundt null på den andre.

— Det verste er vareteljing, seier Kaland. Og Voss.

Kjølevarmen

Vareteljing betyr at han må inn til hard makrell frå Karmøy og store stive reker frå Vietnam. På fryserommet. Temperatur: Minus tjue til tjuesju.

— Her er det omtrent som på Voss der eg var på salstur i går. Dei som jobbar her blir aldri forkjølte. Eg veit ikkje kvifor. Eg blir ofte forkjølt, seier Kaland, som etter ein visningsrunde på cirka femti sekund går tilbake til kjølerommmet.

Karane går inn hit for å varme seg av og til. Når dei har vore på fryserommet. Og når dei har vore på lasterampen, ute.

«I didn’t come here to break down», syng Michael Bolton i radioen. Eg kom ikkje hit for å bryte saman». Frode Kaland går på kontoret. Skrur opp omnen. Golvbelegget har same farget som havet på Seychellene.

— Eg er ei pingle, konstaterer Kaland.

Les også

Kulden biter seg fast

Les også

Adgang forbudt for tynnkledde

Les også

- Sjekk hytten din

Les også

Tøffe damer i 17 minus

Fortsatt kaldt — lenge! Sjekk værmeldingen her!

Kommentarer? Vennligst bruk feltet under!

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Vil stenge Klostergarasjen

  2. Krisetiltak mot dårlig luft i Bergen

  3. Valfarter til byens nye «vulkan»

  4. Her er varmegradene

  5. Bom fast til frossen kai

  6. Global oppvarming?

BT anbefaler

Se deg selv eller naboen slite seg i mål

Søk blant alle deltakerne i Stoltzen opp og se video!

LES SAKEN