Dialektprisen til Linda Eide

Vossingen, journalisten og programleiaren Linda Eide har fått Dialektprisen 2008.

– For meg er det viktig å snakke dialekt når eg ytrar meg, seier prisvinnaren. Norsk Målungdom, som deler ut prisen, meiner at Eide er eit førebilete for ungdom.

– Ho held på nynorsken og dialekta på ein flott måte, og er i alt ho gjer eit menneske med høg integritet, sa leiar Jens Kihl under prisutdelinga på Mangfaldsseminaret.

¿ For meg er det viktig å snakke dialekt når eg ytrar meg, seier prisvinnaren Valde, Vegar