Nyt finvêret medan vi har det

Frå onsdag av er det «50-50» sjanse for regn.

KAN’KJE VARA EVIG: Laurdag vert finast, men deretter sprikar prognosane. Her frå Storavatnet denne veka. Eirik Brekke

Sola brenn opp skydekket på formiddagen og det blir fint vêr dei fleste stadane på Vestlandet på laurdag, fortel Haldis Berge, meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ytst på kysten kan tåka bli liggande lenger ut på dagen.

– I indre strøk kan det bli eit par og tjue grader i dag. I ytre strøk vil temperaturen ligge mellom 17 og 18 grader, seier Berge.

Les også

Derfor blir bergenserne snytt for sommersolen

Temperaturen søkk

Nordavinden aukar på i kystområda i helga. Den tek med seg kjøligare luftmassar, fortel Mariann Aabrekk, meteorolog i Stormgeo.

– Det blir ikkje kaldt og surt, men litt lågare temperaturar enn tidlegare i veka, seier ho.

Søndag vert det delvis skya opphaldsvêr i begge fylka.

I indre strøk vert opp til 20 varmegrader. I ytre strøk får ein opp til 17 grader på søndag, seier Berge.

VARMT: Storavatnet i Fyllingsdalen torsdag denne veka. Eirik Brekke

Fare for nedbør neste veke

Måndag og tysdag vert det delvis skya opphaldsvêr sør for Nordfjord, her blir det fare for nedbør.

– Måndag og tysdag ser veldig fine ut, seier meteorologen i Stormgeo.

Onsdag aukar sjansane for tettare skydekke og regn.

– Prognosane sprikar i to retningar. Det er usikkert om lågtrykket som kjem, treff Norge eller Danmark, seier Aabrekk.

Skal du på festival neste helg, bør du derfor sjekke vêrmeldingane igjen på måndag for å få eit sikrare svar.

– Det er framleis veldig «50-50» korleis vêret blir frå onsdag av. Men vi må truleg rekne med regn neste helg, seier meteorologen i Stormgeo.