Vågen slusar deg inn. Han er porten og gatedøra.

Dag 10: Vågen

Publisert Publisert

VÅGEN, SANNINGA OG LIVET: Då Skolten var runda, og dei glei inn Vågen, var dei berga for denne gongen. Foto: ODD MEHUS

  • Vegar Valde
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Han ligg der og tek imot, ventar og sender ifrå. Slik har det alltid vore. Slik er det kvar dag. Vågen, sanninga og livet.

Ho er verdskjend, denne smale vika av ein liten fjordarm, innramma av murte kaiar med svarte gummidekk og hus oppå. Vågen ber byen i handflata.

Glida inn og få 1000 år in a nutshell, rett i fleisen.

Trua, tvilen, synda, saltet, fisken, futen. Alt er rodd, sigla, tøffa og buldra inn Vågen.

Det som bygde opp, det som reiv ned, det som styrkte eller vart total katastrofe.

Eit skip vart døypt med fyrverkeri midt i 17. mai-festen.

Eit anna kom med Svartedauden, den grufulle pesten. Slag har stått på Vågen. Kanonkula i Domkyrkjetårnet minner om den gongen den engelske og nederlandske flåten barka saman ein gong i 1665. For ikkje å snakka om alle bybrannane og den store eksplosjonen under krigen.

Vågen var vegen til håp om lukke i hundrevis av år for strilar, sogningar, hanseatar og hardingar. Til alt og alle som skulle kjøpa eller selja, anten dei kom frå Lübeck eller Lofoten. Då Skolten var runda, og dei glei inn Vågen, var dei berga for denne gongen. Dei vart møtte av folk og skrål, handel og forretning, fest og gudsord. Alt byen kunne by på.

Det er fantastisk å koma inn Vågen. Eg har gjort det mange gonger.

Då eg var liten med hardt tak i mamma si hand på dekk på ”Bruvik”. Vi gjekk på Nydegger, og eg fekk skillingsbolle og kakao med krem. Seinare på eiga hand med snøggbåt om laurdagen for å gå på Hagstrøm og prøva gitarar, eller Bergen Musikkhandel for å høyra på plater. Og endå seinare, på gymnaset, med venting og lekser på Strandkaiterminalen i timen før skulen byrja.

Vegen til nesten alt eg veit, har gått inn Vågen.

Og framleis kjem eg inn kvar morgon, og alt er på sitt vis slik det alltid har vore.

Kva hadde eg eller Bergen eller verda vore utan Vågen? Det er knapt så ein vågar tenkja tanken.

Publisert
  1. «Jeg valgte meg ikke Ulriken. Det bare ble sånn. Akkurat som med barndomsvenner.»

  2. De som pusser byens juveler

  3. Eit vindauga mot den urbane verda

  4. Det var ikke byen jeg falt for, men folkene

  5. Bergensk breiflabb i mitt hjerte

  6. Det var på Fantoft kjærleiken begynte

Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Paret fra Fana var lei av det travle livet. – I løpet av tre minutter bestemte vi oss.

– Det var jo helt skrullete det vi gjorde. Men vi var ikke aldeles bortreist heller.

Sakene flest leser nå

  1. I karantene etter pensjonist-besøk

  2. Slik tilbringer tyske Ralf karantenen i Norge. Smittevernlege er bekymret.

  3. – Mange arbeidsgivere vet ikke at de må betale lønn til folk de sier opp

  4. Syklist skal ha kjørt inn i liten lastebil bakfra

  5. Jobbintervju: Dette bør du ikke svare på spørsmålet «Hva er dine svake sider?»

  6. Kvinne fikk illebefinnende og havnet på sykehus i Førde. Det forhindret trolig et stort koronautbrudd.

  1. 24 grunner til å elske Bergen