Det gamle gardshuset blei til hytte for internasjonal byfamilie

Gardshuset på Skare i Ullensvang blei hytta familien Sharp hadde råd til. Her er Jennifer og David Sharp saman med sønene Arthur (i raudt), Alexander og Oskar. Låven er naboen sin.

(Stavanger Aftenblad): Jennifer og David Sharp kjøpte gardshus som hytte på Skare i Ullensvang. Familien på fem som bur i Stavanger, ville ikkje bruka mange millionar på å byggja ny hytte, dermed var det gamle gardshuset kalla Vintertun, perfekt.

Publisert: Publisert:

For vel 1,7 millionar kroner sikra dei seg for vel to år sidan ei «hytte» med 135 kvadratmeter grunnflate, med fire soverom og soveplass for 11 personar. For den summen kunne dei også fått ein liten leilegheit på Seljestad, men valet var enkelt, dei gjekk for det nesten 100 år gamle gardshuset med levd liv i veggane.

Huset blei skilt frå garden i 2005. Det var førre eigar som omregistrerte huset til fritidsbustad i 2012, opplyser David Sharp til Aftenbladet.

Snøsmeltinga er i gong, det ligg ein sus i lufta frå våryrt vatn, himmelen er blå og høg og på fjella er snøen i ferd med å mista grepet. Vårløysinga er komen til Skare.

Les hele saken med abonnement