«Jeg reiste til Oslo for å redde mitt liv, og reiste tilbake fordi jeg ikke fikk jobb i Oslo.»

Forfattaren, professoren og debattanten Georg Johannesen (1931–2005) er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen. Bergensaren hadde eit hat-elsk-forhold til heimbyen sin, og kalla sine bysbarn for «Norges jøder».

«De snakker for mye, er upålitelige og piller for mye på jentene. Akkurat det samme som naziene sa om jødene», sa Johannesen i eit NRK-intervju.

SØSTERA: – Georg var ikkje ein, men tusen personar, seier søstera Kathe Johannesen.
Kjersti Mjør

I ein ny podkast frå Bergens Tidende fortel fire menneske som kjende han godt, om Johannesens liv, arbeid - og ofte kontante veremåte.

HEIMEN: – Hos oss var det alltid Georg som bestemte korleis det skulle sjå ut, fortel sambuaren Laila Aase. Dei blå bøkene plasserte han i den blå stova, dei raude bøkene i den raude.
Kjersti Mjør

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.