Her er dei fem viktigaste tipsa for å kutte i klimautsleppet ditt

Kva er du villig til å ofre for å nå klimamålet?

KLIMATILTAK: Bilkøyring, kjøttforbruk og flyreiser er noko av det mest effektive å kutte i dersom ein skal kutte i utsleppa sine.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

I dag er planeten vår rundt ei grad varmare enn den var på slutten av 1800-talet.

Målet er at vi skal klare å stoppe oppvarminga på 1,5 grader.

Men så langt ligg vi dårleg an.

– Uansett kva vi gjer vil det blir umogeleg for menneske å bu i deler av verda. Spørsmålet er berre kor store deler av den, seier klimaforskar ved Vestlandsforsking, Karen Moberg.

Ho har forska på klimautsleppet til 58 familiar i Bergen, og spurt dei kva dei er villig til å gi slipp på for å leve meir miljøvenleg.

I BT20 denne veka fortel ho kva forskarane fann ut, og deler dei absolutt viktigaste tiltaka du kan gjere for å kutte i forbruket ditt.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Publisert: