Henrik (21) fekk ei av verdas største brosmer på kroken

– Eg trudde nesten ikkje det var sant då eg såg den, seier Henrik Vågenes.

NESTEN REKORD: Henrik Vågenes fekk ei av verdas største brosmer fanga på stong. Fisken var berre 0,8 kilo lettare enn verdsrekorden. Andrin Jacobsen

Vågenes var på fisketur med ein kompisgjeng utanfor Sørøya i Finnmark førre veke då gigantbrosma beit på kroken.

Det var Fiskeavisen.no som først omtala saka.

Bergensaren og resten av gjengen hadde vore ute og fiska seks dagar på rad, utan særskilt fiskelukke for 21-åringen.

Den siste dagen det derimot vegen.

Full jubel

– Eg kjende at det var noko tungt på kroken. Men eg torde ikkje heilt å håpe.

Etter eit kvarter med tung jobb, drog han først opp ei lange på 16 kilo.

STOLT: 21-åringen seier fisken er den beste fangsten han har fått nokon gong. Andrin Jacobsen

Les også

Fanget Norges største tangbrosme

På kroken etter kom kjempebrosma på heile 16,5 kilo.

– Det blei full jubel i båten. Alle ropte og skreik. Det var kjempegøy, seier Vågenes.

Nesten verdsrekord

Sørøya er kjent for godt fiske, og det fekk Vågenes og kompisane erfare på turen.

I løpet av turen fekk dei både steinbit på opp mot seks kilo, kveite på over tjue kilo, og mykje stor torsk og uer.

– Men brosma var utan tvil det kulaste som blei tatt på turen.

Fisken er ein av dei største som nokon gong er tatt på stong i verda. Norges- og verdsrekorden er berre 0,8 kilo tyngre.

– Det hadde vore veldig kult med verdsrekord, men det var ikkje så verst dette heller, seier Vågenes.

21-åringen seier han har planlagt ein tur tilbake til Sørøya i Finnmark allereie neste sommar.

– Heile turen var verdt det, berre for den brosma. Og kompisane blei nok litt misunnelege, det er jo litt gøy.

GOD FANGST: Kompisgjengen frå Bergen fekk både uer, lange, kveite, torsk og steinbit på turen til Sørøya. Andrin Jacobsen