- Narkoaksjonane var mislukka

Eitt år etter narkoaksjonane i Bergen, er problemet i skulane mykje mindre, meiner politiet.

Publisert Publisert

BESLAGLAGT: Bilete er tatt av med mobiltelefonen til ein av ungdomane som blei tatt av politiet i narkoaksjonen. Foto: Politiet

BESLAGLAGT: Bilete er tatt av med mobiltelefonen til ein av ungdomane som blei tatt av politiet i narkoaksjonen. Foto: Politiet

BESLAGLAGT: Bilete er tatt av med mobiltelefonen til ein av ungdomane som blei tatt av politiet i narkoaksjonen. Foto: Politiet

  • Adalheidur Oldeide
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Resultata etter aksjonane er særs gode. Me har ikkje hatt ein einaste ny sak på nokon av dei som blei tatt i aksjonen så langt eg kjenner til, seier etterforskningsleiar Øystein Samsonsen i Bergen Sør politidistrikt.

Det har gått eitt år sidan politiet gjennomførte narkorazziaen på sju vidaregåande skular i Bergen. Fleire av elevane vart tatt etter bilete politiet fann på mobiltelefonene.

Ifølgje politiet og skuleleiinga har narkotikaproblema blant ungdomane gått ned, men elevane sjølve seier aksjonen var mislukka og hadde lite for seg.

Les også

Narkoaksjon mot skoler i Bergen

Færre bekymringsmeldingar

Måndag 17. februar i fjor gjennomførte mellom 80 og 90 politifolk narkoaksjonen som er den største mot skular i Bergen nokon gong.Bakgrunnen for aksjonen var uroa læarar, elevar og foreldre som varsla politiet om eit aukande rusproblem i skulane.Etter aksjonane har politiet fått langt færre bekymringsmeldingar om narkotikabruk ved vidaregåande skular i Bergen, ifølgje Morten Ørn, stasjonssjef ved Bergen Sør politistasjon.

— Det er heilt tydeleg at problemet har blitt mindre. At fleire mista førarkortet, fekk prikkar på rullebladet og blei nekta militærteneste, gav nok ei avskrekkande effekt, seier Ørn.

Også rektor på Fana Gymnas, Leif Sigurd Danielsen, seier rusbruken blant elevane på Fana Gymnas har gått ned.

— Det har absolutt vore ei endring i haldningane blant elevane. Me merkar det på det dei fortel oss. Cannabisbruk er mykje mindre vanleg blant elevane no, seier Danielsen.

- Ein mislukka operasjon

Ein av elevane som blei tatt i aksjonen i fjor seier derimot at aksjonen var mislukka, og at narkotikabruk blant elevar på vidaregåande skular er like vanleg som før aksjonane.

— Narkoaksjonen gjorde livet surt for mange, og det kom lite positivt som følgje av den. Somme av oss slutta kanskje nokre veker, men så blei alt som før. Eg brukar like mykje cannabis som tidlegare, det gjer dei fleste andre også, seier den tidlegare eleven som var russ ved Fana Gymnas i fjor.

Les også

10.000 i hasj-bot

— Miljøet var ute av kontrollAksjonen førte til at politiet oppretta sak mot 54 personar, 45 av desse slapp straff mot at dei takka ja til å vere med i «Tidlig ute»-prosjektet med mål om å bli rusfri.

— Alle dei 45 har gjennomført. Det er bemerkelsesverdig når man tenkjer på at dette var eit miljø heilt ute av kontroll, seier Samsonsen.

— 11 av dei fekk bot, og nokre ytterst få vil truleg ende i tiltale. Men 45 av dei slapp straff mot dei takka ja til å delta i «Tidlig ute»-prosjektet med mål om å bli rusfri, seier Samsonsen.

Ifølgje Samsonsen har alle 45 gjennomført prosjektet som har gått over minimum seks månader. Ingen av desse har hatt tilbakefall.

— Det er bemerkelsesverdig når man tenkjer på at dette var ei miljø heilt ute av kontroll, seier Samsonsen.

- Utelukkar ikkje nye aksjonar

Ørn utelukkar likevel ikkje nye skuleaksjonar i framtida.

— Sjølv om me har sett betring og ser på aksjonane som vellukka er me framleis uroa for bruk av cannabis og anna narkotika i ungdomsmiljøa. Me har ikkje planlagd nye aksjonar, men det kan godt vere me gjennomfører fleire, seier Ørn.

— Slike aksjonar er meiningslause. Me sluttar ikkje å røyke hasj berre fordi man blir nekta militærteneste eller får ein prikk på rullebladet, seier den tidlegare eleven.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. 18 tatt i narkoaksjon i Nordhordland

  2. Ble tilbudt stoff under avhør

  3. Erna besøkte Sandsli-elevene

  4. «Narko-motstander» tatt med 12 kilo cannabis

  5. Forsynte Fana-ungdom med hasj

BT anbefaler

– Eg er skuffa over det eg såg i parken

Helsebyråd Beate Husa seier ho er uroa etter å ha sett studentane i Nygårdsparken.

LES SAKEN