Bergensarane grusa Oslo-folket i bysykling

Folk tråkkar verkeleg på under Festspillene i Bergen. Over 31.000 bysykkelturar syner fasiten så langt.- Heftige tal, seier Axel Eugen Bentsen frå Oslo Bysykkel.

SOSIALT: Linn Solheim (21, i gul gensar) og veninnene Sandra Valvik (19) og Cassandra Ulleberg (20) kosar seg med bysyklar i Bergen.- Sidan eg bur oppe i høgda, hadde det vore supert berre å hiva seg på ein sykkel på flaten, og levera den attende på andre sida av byen. Eg håpar tilbodet vert verande, seier Solheim. ØRJAN DEISZ

Den positive forstyrringa i bybiletet, som festspelsjef Anders Beyer

Les også

sjølv skildra bysykkeltilbodet

, er mildt sagt vorte ein suksess.

Ekstra kjekt er det då å måla krefter mot folket borte i Oslo, der tilbodet av bysyklar er fast: Måndag føremiddag er det gjennomført godt over 31.000 turar med festspelsyklane, syner tal frå Oslo Bysykkel.

Det er dei som eig og driftar syklane som er i mellombels omlaup under Festspillene i Bergen.

— Det er veldig mykje med tanke på kor få syklar som er i drift, seier dagleg leiar Axel Eugen Bentsen.

BT meiner:

Les også

Bergen bør få sykla

Bergen > Oslo

Tomme stativ og eit bybilete fullt av blå syklar er nær sagt vorte kvardags i Bergen. Spesielt populært er det hjå den yngre garde.

Av dei 189 bysyklane som Bentsen og gjengen køyrde over fjellet då Festpillene byrja, er drygt 170 i operativ drift gjennom dagen.

Fredag 3. juni slo bergensarane alle rekordar: Meir enn 3000 turar i strålande solskin.

— Det gir eit snitt på 18–19 turar per sykkel om dagen. Det er heftige tal. I Oslo ligg me stort sett på 12–13 turar, seier Bentsen.

Bysyklar i Bergen:

Les også

Førre gong enda det i reklamekrangel. No vil byrådet prøva att.

Les også

Forrige gang endte det i reklamekrangel. Nå vil byrådet prøve igjen.

Lovar bysyklar

Som BT skreiv i slutten av mai,

Les også

er festspelsyklane vorte ein stor suksess.

Ja, så stor er suksessen, at eigarane måtte kutta den maksimale lånetida frå tre timar til 45 minutt per sykkel.

Det i seg sjølv kan påverka statistikken over bergenstråkkinga samanlikna med oslotråkkinga, og den verkelege fasiten får ein først når tilbodet vert gjort permanent.

Og det har byrådet for miljø og byutviklinglova at det skal verta.

— Bergen kan ikkje vera utan bysyklar, sa Anna Elisa Tryti (Ap)

Les også

til BT sist månad

.

1000 kroner-spørsmålet

Men kven blar opp?

Framleis er det finansieringa som er utfordringa. Festspelsyklane er nemleg sponsa, men reklamefinansiering er ikkje eit omgrep som klingar godt her i vest. Andre alternativ er å auka brukarbetalinga, eller at private aktørar kjem med støtte. I til dømes Bærum vert dei nye bysyklane betalt av både kommunen og kronerulling frå det lokale næringslivet.

Bentsen frå Oslo Bysykkel ser parallellar mellom Bergen og Regensburg i Tyskland, der nær sagt heile byen har UNESCO-status.

— Der er det heilt uaktuelt med reklamefinansiering. Difor vurderer dei heller å auka brukarbetalinga noko.

FØRSTE FORSØK: Slik såg det ut då byråd Tom Knudsen sykla i gang bysyklane i 2002. Den gong varte ordninga i tre år. FRED IVAR UTSI KLEMETSEN (ARKIVFOTO)

Sjølv om Tryti ikkje ser bort frå det eine eller det andre, ønskjer ho «primært ikkje» at reklame skal dekkja investeringa. Høgre har på si side gått god for nettopp reklame, og

Les også

reagerte på at Ap plutseleg såg ut til å snu i spørsmålet

.

— Å blåsa ut mange millionar kroner fordi ein er ideologisk blind på reklamefenomenet, meiner eg er dårleg prioritering av midlane i kommunekassa. Dette er pengane som heller kan nyttast på tiltak som nye sykkelvegar- og stiar, skilting og merking, sa Jacob Mæhle, leiar av Unge Høgre i Bergen.

— Eg konstaterer at me begge er ivrige for å få på plass bysyklar, og det er bra. Me er nøydd til å få opp Bergens pinlege låge sykkeldel, sa Tryti om kritikken.

Les også:

Les også

Skjerpings, Bergen!

Lagervare

Ivrige er dei òg i Oslo. Der har mange ergra seg over at Bergen har fått låna bysyklane. Dei trur nemleg at me er med på å tappa tilbodet i hovudstaden, men då må dei tru om att.

— Syklane hadde uansett berre stått på lager, fortel Bentsen.

Oslo Bysykkel har nemleg ikkje nok låsar og stativ til å drifta alle syklane dei eig, som er litt meir enn 1000 totalt. For at systemet skal gå rundt, må dei helst ha to låsar per sykkel. Difor sett dei opp nye stativ kvar einaste dag.

— I Oslo er det mange som nyttar syklane i staden for kollektivtrafikken. Det gjer at mange syklar frå ytterkantane og inn til sentrum. Målet er 3000 syklar i omlaup.

— Korleis er økonomien i det heile for dykk?

— Enn så lenge er det mykje pengar ut, og eit ekstremt investeringsår for oss. Men me ligg etter planen.