Fottur: Kossdalen

Går du alle dei 17 «svingane» får du eit vakkert utsyn over dalen mot Hosangerbygda.

Publisert:

Om Kossdalsvegen:

Kossdalen er ein trong dal omkransa av bratte fjellsider, inne i dalen ligg Kossdalsvatnet. I tidlegare tider var nok både geit og andre husdyr flittige brukarar av beiteressursane her inne, med dei bratte men svært frodige lauvtreliene. No har delar av desse måtta vika plassen for plantefelt med gran, dette er med å gjera inntrykket av dalen enda trongare, og kan hende litt trolsk.

Før «nyevegen» sto ferdig i 1897 kunne det nok om vinteren vera freistande å ta snarvegen over isen på Kossdalsvatnet. Eit gamalt segn om eit heilt brurefølgje som gjekk gjennom isen her inne. Etter ei statleg løyving i 1880 vart arbeidet med bygdeveg mellom Hosanger og Fitje starta opp. Vegen sto ferdig i 1897. Vegstykket gjennom Kossdalen, som lokalt vert kalla Kossdalsvegen, vart bygd midt i anleggsperioden og avløyste ein eldre veg som var svært bratt og vanskeleg opp gjennom skaret. Vegen tente til å binda gardane Langeland, Haugtveit, Grimstad og Svenheim til Hosanger, der kyrkja låg. Vegen vart bygd på pliktarbeid, slik det var vanleg på den tida.

Vegen mellom Hosanger og Fitje er 6.120 m lang og kosta 14.954 kroner. Lengda på vegen gjennom skaret er 360 meter, breidda omlag 2,5 meter og einskilde stader er det bygd opp til 6 meter høge murar. Frå ei høgd på 75 m.o.h. stig vegen med 17 slynger til ei høgd av 175 m.o.h. Stigninga er i snitt 27%. Til samanlikning er stigninga i den gamle Stalheimskleiva 20%, og då var dette Nord-Europas brattaste riksveg.

Vilja til å ta vare på slike kulturhistoriske anlegg har auka dei siste åra, og frå 1975 har Samferdselsdepartementet løyvd midlar til restaurering av gamle vegar. I Hordaland kom arbeidet for alvor i gang i 1978 med restaurering av Kossdalsvegen. Vegen synte seg å vera i bra stand, men fekk nytt grusdekke og nokre murar vart retta opp.

Skilting som viser kvar vegen er og at han er av historisk verdi, vart og sett opp. I 1996 søkte kommunen saman med grunneigarane kulturlandskapsmidlar til kvisting, rydding og tynning av skog langs vegen. Søknaden vart innvilga og Mjøsdalen grenderåd utførde mestedelen av arbeidet på dugnad. Vegen er idag stengt for bilar, men open for fotturistar, syklande og køyring med hest og kjerre.

Terreng: Bygdeveg

Tid: Ca. 1 1/2 time

Turen her startar ved å ta av Fv567 i Hosanger (1) og køyra den kommunale vegen til Kossdal. Etter omlag 1 km bygdeveg kjem du til parkeringsplassen ved Nyaseter (2). Her er og ein rasteplass, og om ein ser godt etter finn ein restar etter ein danseplatting, ei «tribune». Vidare må du ta beina fatt innetter Kossdalen.

Ved utoset av Kossdalsvatnet, på Utløbakkane (3) kan ein ovanfor vegen finna rester etter dei gamle utløene. Vidare innetter vegen vil du finna fleire fine rasteplassar, ved ein av desse enda ein «tribune» Benkar er sette ut, klare til bruk, men nistekorga må du sjølv ta med.

Etter knapt 2 km kjem ein inn til der «svingane» byrjar, og går ein alle 17 vil ein få eit vakkert utsyn over dalen mot Hosangerbygda (4).

Retur same veg tilbake til parkeringsplassen. Når du kjem ned til Mjøsvågen (1) er det gamle kulturhistoriske miljøet her verd ein stopp. Her er naust, verkstader, restar etter meieri og dampskipskai. Av bedrifter som er her og har vore her kan ein nemna metallstøyperi, kisteverkstader, treskoverkstad, møbelfabrikk, gjerdenotfabrikk. Den vakre Hosangerkyrkja frå 1796 ligg som eit landemerke på Holme.

Vis varsemd, og ta vare på natur og kultur for etterslekta.

Hugs:

Grunneigarane har opna opp for turvegen, og alle som fylgjer veg og sti må forvalta denne invitasjonen på best mogeleg måte. Hugs og lat att grindar, ver var om dyr i marka, og far fint med naturen. Ver merksam på lokale reglar for bandtvang for hundar. Sjølv om fotturan er lagt godt tilrette og merka, kan det alltid vera noko som endrar seg, eller synest å mangla. Dei som har lagt turane tilrette, tar ikkje ansvar for skader eller anna som måtte skje under turen. Turen blir gjennomført på eige ansvar og risiko.

Fleire turtips finn du her

Har du erfaringar frå denne turen? Del dei med andre i kommentarfeltet under:

  1. Kossdalsvegen. Foto: Lars Mjøs

Publisert: