Her kjem Vidar (107) susande

Vidar Eide er Vestlandets eldste mann.
Han har budd i same huset heile livet.
Han er i skytja for å jobba kvar dag.
  • Pål Engesæter
  • Rune Sævig (foto)
Publisert Publisert

På Eide i Tørvikbygd skin sola over slåttefolket på bøane. På fjella over fjorden er det snø.

På vegen køyrer Vidar Eide skuteren sin. Han skal opp i skytja (uthuset) for å jobba. Laurdag fyller han 107 år.

– Arbeid er helsebot

I god fart køyrer han opp bakken og rett inn i verkstaden. Frå eit stativ han har laga bak på skuteren, plukkar han fram krykkene og går inn til saga. Han sagar av passelege emne til skoskeier.

– For meg er det helsebot å arbeida. Eg kan ikkje sitja og gjera ingenting, seier han medan han høvlar på det som skal bli ei skoskei.

Han har laga kring tusen skoskeier dei siste åra. Han sagar ut emne, høvlar og pussar dei. Så teiknar han mønster og svir det inn på kvar einaste stokk. Skoskeiene gjev han til folk som er innom.

Bonde og båtbyggar

Skoskeier og dreiing av skåler var noko Vidar Eide starta med då han gav seg med båtbygging for nokre år sidan.

Han lærte tidleg å byggja båtar. Slik både faren og bestefaren gjorde.

– Du veit det var båtbygginga som berga garden. Slik var det med mange her omkring, fortel han.

Kor mange Strandebarmarar han har bygd, har han ikkje tal på. Men han har bygd to båtar etter at han fylte 100 år.

– Far min noterte svært mykje. Han har ført opp kvar einaste båt med pris, kven som har kjøpt dei, og kva spikar og all slags materiale han hadde brukt, aldeles nøyaktig. Eg trur det var eitt år han bygde 24 båtar. Eg har vel knapt bygd så mange båtar på 100 år. Det vart no slik at det var garden som tok mest av arbeidstida mi, fortel han.

Vidar Eide er æresmedlem i Bondelaget etter å ha fungert som leiar i fleire tiår lokalt i Tørvikbygd. No er det barnebarnet, Britt Eide, som driv garden.

I verkstaden har han rikeleg med både nytt og gammalt verktøy. Og spona på golvet vitnar om stor produksjon.

Mjølk og grovbrød

Huset han bur i er frå er frå 1887. I huset vart han fødd, og her har han budd sidan, berre avbrote av eit halvt år på småbrukarkurs i ungdommen.

– Det har budd folk her på garden i om lag 600 år, fortel han.

Brødmaten lagar han seg sjølv, men middag et han hos sonen. Då set han seg på skuteren og køyrer ned til nabohuset.

– Har du nokre råd til folk som vil bli like gamle og spreke som deg?

– Ein må ta ein dag om gongen, så kjem det av seg sjølv. Det er ingen snarvegar, seier han og flirer.

Sjølv har han aldri røykt og han har heldt seg unna alkohol. Kaffi drikk han heller ikkje.

– Mjølk, grovbrød og graut, seier han då eg spør om kosthaldet.

– Eg trur ikkje det er mange her i landet som har drukke så mykje mjølk som meg.

Ved sida av TV-en i stova har han montert eit trø-apparat på veggen til trening for føtene.

Aldri bil eller ferie

Vidar Eide har aldri hatt førarkort og bil.

– Nei, eg har aldri hatt bil eller ferie, men traktor har eg hatt. Det var stor framgang å få traktor på garden då eg kjøpte den første i 1954. Før den tid vart garden driven med hest. I 1960 kjøpte eg ein ny Massey Ferguson, og den går enno, fortel han.

Då han var i 90-åra, braut han lårhalsen. Etter det, har han ikkje køyrd traktoren sjølv.

– No har eg titan inni her, seier han og klappar seg på låret.

Det var ei tid etter det han kjøpte seg ein skuter. Det tok for lang tid å venta på at han skulle få ein frå det offentlege, så han kjøpte den sjølv. No har han kjøpt seg ein ny skuter, som han bruker kvar dag.

Skuteren er praktisk, og Vidar har laga seg til med røyr for å få med seg krykkene.

EU- motstandar

Postbilen kjem med avisene. I dag er det Hordaland Folkeblad og Nationen.

– Ja, eg les avisene kvar dag, og Bondebladet når det kjem. Ein må jo følgja med kva som skjer, men det er ikkje alt eg likar, seier han.

EU er av det han ikkje set pris på.

– Eg var med på demonstrasjonar mot EU på Festplassen i Bergen, heilt tilbake til 1960-talet, fortel han.

– Eg kan jo ikkje rekna med så mykje framtid no når eg er 107 år, så eg tek dagane som dei kjem, seier Vidar Eide realistisk. Klår i toppen men med dårleg høyrsel, steller han seg så best han kan i huset der han har budd heile livet.

Korona og spanskesjuka

Vidar Eide vart født i 1914, og vart døypt i Jondal den dagen første verdskrigen braut ut. Han er nest eldst i ein søskenflokk på fem.

– Storebroren min døydde berre nokre dagar gammal. Eine søstera mi døydde då ho var elleve år, men dei to andre søstrene mine vart begge gamle, fortel han.

Han har opplevd både spanskesjuka og korona.

– Eg hugsar eine naboguten her døydde i spanskesjuka. Han var i Marinen og vart smitta i Horten. Han kom heim i ei kiste. Vi høyrde og om at det var ein inni Kvam einkvan plass som kom heim i kiste. Der hadde dei opna kista fordi dei ville sjå liket. Då fekk heile familien spanskesjuka.

Sjølv har han klart seg bra gjennom koronapandemien, men det vart ikkje feiring på låven slik det plar, på 106-års dagen hans i fjor.

– Det blir det ikkje i år heller. Vi får ta det i puljar, seier han.

Han har seks born, fem søner og ei dotter. Sønene bur alle i Kvam, medan dottera kjem heim frå Sørlandet. Med 17 barnebarn som nesten alle har eigne born, er dei ei stor slekt som vil heidra Vestlandets eldste mann.

Her på den store låven er alt panelt med skog Vidar Eide sjølv har planta, hogd, høvla og spikra opp. Her ligg og ein av dei mange Strandebarmarane han har bygd.

Kven er eldst i landet?

Statistisk sentralbyrå opplyser at det 1. januar 2021 var registrert nitten kvinner og elleve menn i Noreg som var 108 år eller eldre.

I Statistisk sentralbyrå sin statistikk var det den 1. januar i år 98 personar i Noreg som var over 105 år, 75 kvinner og 23 menn.

På Wikipedia finn ein ei lista over dei eldste mennene i landet. Der er Vidar Eide på topp, men dette stemmer ikkje med tala frå SSB.

Det som er klart alle stader er at det i Vestland fylke berre er to menn over 106 år, det er Vidar Eide (født 3. juli 1914) og Nils Severin Økland (født 16. februar 1915).

Og dermed er Vidar Eide utan tvil den eldste mannen i Vestland.

Kjelder:
Vilhelm Gravdal: Portrett av ein 106-åring i historisk skriv i Kvam.
Statistisk sentralbyrå

Publisert

Les også

  1. Helt i hundre og fire

    Den tidligere krigsseileren bor hjemme alene og trimmer daglig.
  2. 100-åringen Ida: – Jeg er frisk, helsen er perfekt

    – Humør må vi ha, det nytter ikke å gå rundt å surmule, sier Ida Buttedal.
  3. 99-åringen som vil halda på i 100

    — Eg blir 100 år 3. juli, men det blir vel til at eg byrjar på ein ny når denne er ferdig.
  4. – Da gjeld å vera nøgd

    Solveig Nathalie Hagen fyller 105 år i dag, og er framleis glad i livet.
  5. Ingvild har gått 300 gater i Bergen. Hun har funnet sin favoritt.

    For tre år siden kom Ingvild Hole (23) til Bergen for å studere. Hun bestemte seg for å bli bedre kjent i sin nye by, og…
  6. Her er dei aller eldste blant oss

    – Livsrøynsle kan du berre få ved å leva. Dei som har levd dei siste hundre åra på Vestlandet har mykje…
  7. Takene var overalt i Bergen. Nå forsvinner de.

    Vigleik Brekke på Minde redder imidlertid sitt skifertak med støtte fra staten.

Mest lest

  1. – Han var en frisk og sprek ung mann

  2. Tomten var «utelukket» og «uegnet». Nå skal det nye Havforskningsinstituttet likevel bygges her.

  3. Trafikken direkte

  4. Øygarden FK på veg mot konkurs

  1. Kvam
  2. Hordaland Folkeblad
  3. Statistisk sentralbyrå
  4. Jondal
  5. Nationen