Munnkorgavtalar, krangling og skuldingar om ein fryktkultur. Kva skjer i Os kommune?

PODKAST: Ei rekke tilsette har valt å seie opp jobbane sine i Søviknes-kommunen.

KONFLIKT: Varaordførar Marie Bruarøy (H) og ordførar Terje Søviknes (FrP) har måtte handtere ei rekke arbeidskonfliktar det siste året. Fleire har sagt opp jobbane sine i Os kommune. Eirik Brekke

Os er på mange måtar ei suksesshistorie.

Kommunen har folketalsvekst, utvikling og ein av dei mest populære ordførarar i landet - Terje Søviknes i Frp.

Men det siste året har det dukka opp teikn til at ikkje alt er like idyllisk bak fasaden.

Grove skuldingar, munnkorgavtalar og historer om dårleg arbeidsmiljø har prega kommunen. Konfliktene starta mellom politikarane og administrasjonen, men kva som faktisk har skjedd bak lukka dører er framleis eit mysterium.

Gjest i podkasten denne veka er politisk journalist i BT, Gerd Tjeldflåt.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

KAOS I OS: Programleiar Ingvild Nave og politisk journalist i BT, Gerd Tjeldflåt. Geir Martin Strande