Familien meiner psykisk sjukdom gjorde sonen til drapsmann. No samlar dei inn pengar til helseorganisasjon.

Pårørande til det drepne ekteparet på Sotra samlar inn pengar til organisasjonen Mental Helse.

Publisert:

SOTRA: Det avdøydde ekteparet blei funne utanfor einebustaden sin på Kolltveit på Sotra torsdag 27. juni. Foto: Bård Bøe

Biletet til innlegget på Facebook viser eit smilande ektepar som ser på kvarandre. Under biletet står teksten «Mamma og Pappa 27.06.2019 Alltid i mitt hjarte».

Innlegget er posta av pårørande til ekteparet. På eit døgn er det kome hundrevis av hjarter og støtteerklæringar.

Under posten følgjer ei lenke ein kan nytte for å donere pengar til organisasjonen som mellom anna jobbar med å førebyggje psykisk sjukdom.

Tysdag formiddag er det kome inn over 70.000 kroner.

Takkar for støtte

Advokat Beate Hamre bistår dei pårørande i saka.

Ho seier familiens klare oppfatning er at årsaka til dødsfalla er den sikta si alvorlege psykiske helsetilstand.

– Dei har difor oppretta ein innsamlingsaksjon til inntekt for foreininga Mental Helse då dei har eit sterkt ønske om hjelp til denne pasientgruppa.

Det var ekteparet Siri Helen Johannessen (66) og Per Arne Ormehaug (67) som blei funne drepne på Kolltveit på Sotra 27. juni. Ekteparet blir omtala som omsorgsfulle, samvitsfulle, blide, og godt likte av vener og kollegaer.

– Familien er framleis i djup sorg og sterkt prega over tapet av ei kjær mor og far, ei svigermor og svigerfar, og ei søster og bror som gjekk bort på ein slik tragisk måte ved at dødsfallet blei forårsaka av deira eldste son.

Advokat Hamre seier familien ønsker å takke for all omsorg og støtte i ei vanskeleg tid.

Har slite med psykisk sjukdom

Den eldste sonen til ekteparet blei arrestert på staden, og skal allereie då ha vedgått å ha drepe foreldra.

40-åringen skal ifølgje kjenningar ha slite med psykisk sjukdom i ei årrekke.

Helsetilsynet har oppretta tilsynssak mot Helse Bergen, der mannen har vore pasient. Dei skal ta stilling til om han har fått forsvarleg helsehjelp.

Organisasjonen Mental Helse arbeider for å auke bevisstheit, førebygging av psykiske helseplager og eit betre helsetilbod.

Jill Arild, landsleder i organisasjonen, seier til BT at organisasjonen set stor pris på innsamlingskasjonen til dei pårørande.

– Dette er ei forferdeleg trist sak for alle dei involverte. Vi er audmjuke og takksame for at dei gjer dette. Pengane vil hjelpe oss å gjere ein viktig jobb vidare.

Publisert: